Anna og Magnus hadde fire born, Hilda g. Rønnestad, Wilhelm, Ester g. Isaksen og Asbjørn. Alle fire er døde, men dei hadde i alt 21 born, 20 lever og alle møtte til det som vart eit stort slektstreff, 158 av 176 moglege kom. Heile 47 av dei kom frå Færøyane. Hilda var eldst og familien hennar budde lenge på Storholmen ved Kvamsøy, men bygde nytt hus på Hauge på 1960-talet. Wilhelm og Asbjørn budde på Haug, medan Ester vart gift og busett i Klaksvik på Færøyane. Dit kom ho som flyktning med fiskebåten «Juvel» saman med broren Wilhelm i mai 1940. Han var ingeniørstudent ved NTH og rømde heim då krigen tok til. Han verva seg i Det norske flyvåpen i Sør-England i 1941. Ester hadde kome inn på sjukepleien ved Røde Kors i Bergen, men foreldra var imot å sende henne dit etter krigsutbrotet, og det vart bestemt at ho skulle slå følgje med broren.

Brørne Ervik på Kvamsøy åtte jarnbåten «Juvel». Seks av dei tok med familane sin og systera Signe, som var hardt råka av leddgikt. Jonas Kragset med familie, som hadde fått bomba huset sitt i Ålesund, var mellom rømlingane. Rasmus Ervik, den eldste av brørne, var skipper. Dei var i alt 25 personar, den yngste var 8 1/2 månad. Båten hadde frakta ammunisjon for dei allierte og miste kontakten med oppdragsgivarane då tyskarane nådde Åndalsnes, og dei hadde framleis noko ammunisjon att om bord. Det var ei farefull ferd, men alt gjekk godt. Og i dag har Anna og Magnus 52 etterkomarar på Færøyane.

Takk vere utruleg rause og velvillige huseigarar, fekk arrangørane låne heile seks hus til disposisjon. Så gjekk færøyingane på rundgang til middagar hos slektningane, så alle fekk møte alle. Sjølve festen vart halden på «Høgtun» 4. august og brunsj den 5.. Der vart sjølvsagt mykje song og musikk, med tre- fire pianistar, ein cellist og ein klassisk gitarist og mange songglade ungdomar. Marius Korsnes, med hjelp av broren Wilhelm Støylen jr., hadde laga tablå om den kvelden då Ester og Wilhelm skulle røme med «Juvel», om familieråd og om avskjed med mora på Hauge då Hilda skulle følgje Ester over Myrdalen den kvelden dei drog. Båten låg ved Støyleland på sørsida av øya. Magnus og Asbjørn rodde Wilhelm til båten med utstyr og proviant til turen, mellom anna ein sekk grautris, som kom til god nytte då dei kom til kai i Klaksvik og måtte vente på lækjarkontroll. Då folk på kaia høyrde der var småborn om bord, kom dei med 10 liter mjølk, og stuerten kokte risgraut. Det hadde vorte lite eting på overfarten. Ester vart gift med Jens Sofus Isaksen, og dei dreiv i mange år forretning i den gamle kongshandelen ved skipskaia i Klaksvik. Og mang ein fiskar frå våre kantar vart kaffigjest hos Ester. Heimen deira låg på andre sida av vågen i høve til butikken.

På slektstreffet var der også andre langvegsfarande som sjeldan møtest, frå Vega i nord til Kristiansand i sør. Festen laurdag vart avslutta med den færøyske songen Tidin rennur, som er omsett til norsk av romsdalingen Sverre Hatle, og vart sungen firstemt på begge språk samtidig. Ei spesiell oppleving! På 50-talet var Ester heime med borna sine på Kvamsøya nesten kvar sommar. Dei kom med ein av Ervik-båtane som dreiv grønlandsfiske. Mot slutten av livet var ho også ofte heime, - og tok avskjed kvar gong! Det har alltid vore nær kontakt mellom dei fire syskena, og i sommar fekk den yngre garde høve til å verte betre kjende, og fleire har planane klar for tur i vesterlei. Syskenborna vil gjerne få nytte høvet til å takke dei gjestmilde huseigarane for at dei gjorde det mogleg å samle så mange heime på øya i dagevis.