Dette melder selskapet i ei pressemelding tysdag. Total verdi på denne avtalen vil kome på over ein milliard norske kroner. Alle fem forretningsområda i Havyard Group er med i leveransen. Fish Handling (MMC First Process) skal levere alt av fiskehandteringssystem om bord. Power & Control (Norwegian Electric Systems) skal levere kraft og styring frå bru til propell. Ship Design & Solutions står for designet, og Shipbuilding Technology (verftet i Leirvik) skal utruste skipet. Production & Services leverer underentrepriser til verftet.

Leveranse i desember 2020 og juni 2021

Dette blir skip nummer fem og seks med Havyard 587 designet til NFT, og blir søsterskip til byggnr. 147 som vert ferdigstilt i mai 2020. Dei to nye skipa får byggnr 150 og 151, med leveranse i desember 2020, og juni 2021. Opsjonen på det tredje skipet i kontrakten må erklærast innan utgangen av november 2019, og får leveranse i november 2021.

- Det gler oss

Oddleif Wigdahl, administrerande direktør i NFT, seier i pressemeldinga at dei har eit godt samarbeid med Havyard, og at dei er svært fornøgde med tidlegare leverte skip. Det er derfor dei ønsker å gå videre med same design og produktleveranse frå Havyard.

- Brønnbåtbygging er svært komplisert, men med vår kompetanse, erfaring og samhandling på tvers av forretningsområda våre, har vi moglegheit til å levere det kunden ønskjer seg. Det gler oss at vi får nye prosjekt saman med NFT slik at vi kan halde fram med det gode samarbeidet, seier konsernsjef Geir Johan Bakke i Havyard