Herøymusikanten, Even Sævik, slapp i førre veke ei ny og eigenprodusert pop-ballade. Låten heiter «Apology» og er no å høyre på fleire ulike strøymetenestar som Spotify. Den er også i sal på iTunes.

Ektefølt tekst

Til lokalavisa fortel Even at teksta til låten spring ut ifrå eigne erfaringar etter at eit mislykka kjærleiksforhold.

– Låten er, som tittelen anslår, ei unskulding for at ting ikkje gjekk som dei skulle i eit forhold. Eg legg meg regelrett flat og skuldar på meg sjølv, forklarar han.

Sævik er såleis ikkje redd for å by på eigne kjensler i musikken sin, tvert imot meiner han dette er ein viktig ingrediens.

– Det er viktig for meg at teksta representer noko ektefølt. Då trur eg det er lettare for folk å relatere til musikken. Å ikkje bruke eigne kjensler ville gjere låtskriving umogleg for meg.

Eigenprodusert, med god hjelp

Even starta å snikre på låten før sommaren.

– Eg skreiv fyrst teksta, før eg fann passande akkordar, fortel Even.

Deretter fekk han rettleiing frå både Knut Vegard Prytz og Elise Nærø.

– Elise hjelpte meg med råd om stemmebruk og Knut Vegard var med på miksing og mastring av låten.

Har ikkje funnet sin stil enno

– Er dette er ei typisk «Even-låt»? spør vi han.

Han flirer litt og svara:

– Eg har ikkje heilt funnet min stil endå, så det er ikkje lett å seie eigentleg. Den er «Even» i den grad at den inneheld element som representerer meg. Det er eg som spelar piano, og teksta er eigenprodusert. Elles opererer eg ikkje ein definert sjanger.

– Eg har ikkje lyst å låse meg til ein definert stil endå, seier han.

No er fyrsteprioritet å produsere musikk og få det ut til publikum.

– Eg vil ikkje vere for mykje perfeksjonist på dette stadiet. I fyrste omgang vil eg eksperimentere litt, so får vi sjå, avsluttar Even, som ikkje utelukkar at det kjem ein og annan låt i tida framover.

Even skal elles gå bibelskule i Kristiansand det komande året, der han blant anna tek musikkfag. Dette håpar han er nok eit steg i rett retning mot artistdraumen.