Det hevdar sju naboar i Grønhaugen i eit felles utspel til kommunen. Her varslar dei krav om økonomisk erstatning om gravplassen blir lagt til Grønhaugen.

Til offentleg ettersyn

Utspelet kjem samtidig med at formannskapet får gravplassanalysenfor Bergsøya og Leinøya på bordet med tilråding frå rådmannen om utlegging til offentleg ettersyn i fire veker.

Tilrådd av konsulent

Frå Norconsult, som har utarbeidd analysen, blir kommunen tilrådd å arbeide vidare med ein kombinasjon mellom ei mindre utviding i Flusund og etablering av ein ny, mindre gravplass i Grønhaugen. Kombinasjonen av desse to alternativa vil, ifylgje konsulenten, dekke behovet for graver for Bergsøy og Leinøy i eit 40-årsperspektiv.

«Hovedstyrken til området på Grønhaug er at man kan skape en svært vakker gravplass ved å ta vare på naturskapte kvaliteter, enkel tilrettelegging og god formgiving». Slik konkluderer konsulenten og peikar på at med å spele på kontakten med sjøen, naturlege knausar og kollar kan lagast til spesielle og vakre urnelundar og minnelundar i Grønhaugen.

Brukskonflikter

I utspelet til kommunen stiller dei sju naboane seg sterkt kritiske til at konsulenten ikkje har lagt meir vekt på omsynet til folk som bur i området, og til brukskonfliktene ein gravplass her vil kome til å skape:

Svært mange bustader og bustadane sine uteområde er vende mot sør-vest og vil få utsikt mot det føreslegne arealet for gravstad. Ei slik plassering må reknast å vere betydeleg verdiforringande for desse bustadeigedomane, samt at det vil vere sjenerande for brukarane av gravstaden.

Erstatningskrav

Naboane stiller seg òg undrande til at forringinga av den offentlege badeplassen i området ikkje synest å vere eit moment i Norconsult si analyse. I forslaget er tilkomsten til badeplassen planlagt å gå tvers gjennom gravstaden.

Jetmund Runde, Heidi Brekke, Olav Kåre Hildre, Lars Kristian Sollid, Gunn Sølvi Warholm, Tove Nedreberg og Sølvi Katrin Gjerde varslar at eit vedtak om gravplass i Grønhaugen omgåande vil utløyse erstatningskrav mot kommunen.