Som omtala i fredagens Vestlandsnytt sende Kjell Runde (Folkelista) inn eit spørsmål i forkant av førre vekes kommunestyremøte, der Runde kjem med fleire påstandar om at rådmann Olaus-Jon Kopperstad, og toppleiinga i Herøy kommune bryt lova.

Men Runde fekk aldri anledning til å stille spørsmålet. For då ordførar Arnulf Goksøyr la opp til avstemming, var det berre Runde som røysta for å ta opp spørsmålet som ei sak.

– Det er ein god grunn til det. Dette er ein haug av udokumenterte påstandar, og kommunestyret vil bli sitjande som gissel for ein diskusjon mellom ordføraren og Kjell Runde. Dette fordi spørsmålet er formulert som eit grunngjeve spørsmål, og då er det berre eg som skal svare, og eventuelt du som skal kommentere svaret mitt, sa Goksøyr om avslaget.

– Eg har ei viss forståing for at det er ubehageleg å ta det opp, men eg meiner kommunestyret bør få vite kva det dreier seg om, sa Runde før avslaget.

Runde var også klar på at han forventar svar på spørsmålet.