John Kåre er oppvaksen på Sandsøya, men er i dag busett i Ulsteinvik. Han tek til i stillinga 1. januar 2019, heiter det i ei pressemelding.

- Eg ville tilbake til bank og ikkje minst til ein lokal bank med lokal beslutningsmynde. SpareBank 1 Søre Sunnmøre satsar på næringsliv og har store ambisjonar om å ta større marknadsandelar. Å kunne få vere med på denne veksten var ei moglegheit eg ikkje kunne takke nei til, seier John Kåre.

Våge har tidlegare jobba 15 år i Sparebanken Møre og 4,5 år som Finance Manager i Borgstein AS. Stig Brautaset, administrerande direktør i SpareBank 1 Søre Sunnmøre, har stor tru på at John Kåre vil bidra til å styrke bedriftsmarknaden i banken.