Tor Halvar Botnen er namnet. Han er 38 år, gift og bur i Volda.

Botnen har i følge ei pressemelding frå Herøy kommune teknisk bakgrunn frå Universitetet i Oslo og har dei siste fem åra jobba i Nordfjord-regionen som dagleg leiar av selskapet IKT Nordfjord. Før det var han IKT-leiar i Ulstein kommune. Botnen tek til som kommunalsjef i Herøy kommune 1. mai.

–  Å lære Herøy-samfunnet betre å kjenne og bidra til å gjere Herøy til ein endå meir attraktiv plass å bu og drive næring, er noko eg ser fram til. Eg veit kommunen har gode medarbeidarar med mykje kompetanse som gjer ein god jobb. Det dannar eit supert grunnlag for å vidareutvikle samfunnet og tenestene. Samtidig er det slik at rammevilkåra i økonomien og omstillingsbehova i lys av berekraftsmåla allereie er og vil verte krevjande framover. Eg ynskjer å bygge eit godt lag for å møte utfordringane og ser nytta av godt regionalt samarbeid, seier Botnen til kommunen.

Samfunnsutvikling er ein av dei fire sektorane i kommunen, ved sida av verksemdstyring, helse og omsorg og kultur og oppvekst. Sektoren Botnen skal leie inkluderer avdelingane utvikling, eigedom, brann, anlegg og drift, landbruk og Herøy gard/kystmuseum.

– Det er ei stor glede å kunne ynskje Tor Halvar Botnen velkomen til Herøy. Han er ein erfaren leiar med ein kompetanse som er svært verdifull for oss. Blant anna tek han med seg djup innsikt i korleis vi kan utnytte digitaliseringa i samfunnsutviklinga. Med Botnen på laget skal vi ta nye steg i å utvikle Herøy-samfunnet vidare, seier kommunedirektør Trond Arne Aglen i pressemeldinga.