– Vi kjem ikkje til å kome oss til fjøra, spøker Isabella og Jane Lang.

Dei to australske damene går langs hovudvegen ved Nautøya, på veg til området dei har fått i oppgåve å rydde. Det er ein vêrfin laurdag morgon med ein heller kald gufs i lufta. I dag er det ryddeaksjon på Nautøya.

– Det er heilt grueleg kva folk kastar langs vegen, konstaterer dei to.

Berre på nokre få hundre meter har dei begge fylt opp fleire søppelsekkar med rot som har lege i grøftekanten.

– Vi har brukt ein halvtime på berre å kome oss til fjøra der vi eigentleg skulle rydde, seier dei to, litt oppgjevne.

Skal forske på rotet

Ved sida av dei to engelsktalande går Charlotte Hauge. Det er dama som har organisert ryddeaksjonen på eiget initiativ.

– Målet er at vi skal gjere litt enkel forsking der vi prøver å finne ut kvar søppelet kjem ifrå. Er det kortreist? Kjem det frå industri eller enkeltpersonar, spør Hauge, medan ho slenger nok ein full søppelsekk opp i ein stor, grøn konteinar som ho har fått SSR til å sette ut for anledninga.

Hauge håpar at det å kunne vise kvar rotet kjem ifrå, kan motivere folk til å gjere grep for å hindre at det hamnar i fjøra.

Vil utgjere ein forskjell

Med seg på aksjonen har Charlotte også teke med seg dottera si, Åsa Hauge (14). Ho er med fordi ho ynskjer å utgjere ein forskjell.

– Eg synest det er kjekt å vere med å rydde. Samstundes håpar eg det gjer ein liten forskjell og at eg kan påverke andre til å rydde.

Åsa forklarar at det ikkje treng å vere så mykje jobb om alle rydda meir i kvardagen.

– Eg brukar til dømes å rydde langs grøfta når eg går til skulen. Eg opplever at det er masse langs vegane, spesielt nær daglegvarebutikkane, forklarar 14-åringen.

Medan ho fortel dette finn Åsa to store plastkasser som ligg i fjøra. Ho forklarar at sjølv om det er mykje plastikk ein klarar å plukke, er det framleis mykje mikroplast som er vanskeleg å samle opp.

Tok turen frå Sande

Dei to siste som er med på ryddeaksjonen er Solveig Bringsvor frå Larsnes og Jannicke Johnson frå Årvik.

– Vi såg aksjonen på Facebook og tenkte det var ein fin laurdagsaktivitet, fortel dei to.

Spesielt Jannicke er ein ivrig plastryddar i heimkommunen.

– Når vi ser alle bileta av dyr som døyr på grunn av søppel og rot må vi gjere noko for å få slutt på dette, forklarar Bringsvor, medan ho kjempar med å få laus gammalt tau som er grodd fast.

Dei konkluderer med at det er fortvilande mykje boss, og legg til at dei hadde håpa å sjå litt fleire Herøyværingar på staden.

400 kilo

– Vi har fylt nesten ein halv konteinar og samla inn omlag 400 kg med søppel. Det tok oss nokre få timar, konstaterer Charlotte når aksjonen er over.

Det dei fann var mest industriavfall som avkapp, plastkanner, tauverk, garnrestar og fiskekasser.

– Vi fann også mykje udefinerbar plast som har lege ei stund, som flasker og boksar, leiketøy, stol, ketchup-flasker og sennepsflasker med meir. Denne kystlina er ikkje brukt til grilling og slikt, og ligg ganske aude. Dette avfallet har mest sannsynleg drive frå ein annan plass, avsluttar Hauge og konstaterer at det framleis er mykje att.