Det var fleire som var bekymra då Inga Goksøyr for 25 år sidan bestemte seg for å opne ein filial av butikken ho allereie hadde drive i fleire år på Larsnes i Myrvåg. Inga sjølv, hugsar blant anna at ein forbipasserande stoppa for å dele si bekymring.

– Inga, kva er det du vil her? Sjå deg rundt, det er no ingenting her, skal han ha sagt.

Lokala som Inga Goksøyr leigde seg inn i den gongen, skulle eigentleg bli eit tannlegekontor. Men tannlegane valde å heller etablere seg ein annan stad.

Inga Goksøyr, derimot, ho hadde stor tru på Myrvåg og meinte at det ville bli eit nytt senter i regionen. Spesielt med tanke på at Myrvåg serviceområde geografisk ligg midt i regionen. Ho såg det elles som ei utfordring å vere med på å byggje opp eit forretningsmiljø i Myrvågområdet. Slik sett har ho vore ein pioner for den utviklinga vi har sett dei siste åra, og som har vore mykje diskutert i det siste.

Skryt av kundane og dei tilsette

Blomster og Gaver skulle vise seg å bli ein suksess. Fleire gongar har butikken blitt bygd ut for å få plass til det stadig aukande vareutvalet. Inga Goksøyr meiner dei som har vore rundt ho, skal ha mykje av æra.

– Vi har vore heldige og hatt veldig trufaste kundar. Og så har vi hatt erfarne tilsette som har vore med oss over fleire år, seier ho.

Blant anna har ei dame med namn Vigdis vore med alle 25 åra. Ho jobba også i butikken på Larsnes før butikken i Myrvåg blei etablert.

Men den utviklinga som Blomster og Gaver har hatt, hadde sjølvsagt ikkje vore mogleg utan det arbeidet Inga Goksøyr har lagt ned. Ei stund hadde ho butikk både på Larsnes, i Myrvåg og i Fosnavåg. Den sistnemnde selde ho etter kvart vidare.

I løpet av veka har Vestlandsnytt snakka med både tilsette og to av borna til Inga, Stine og Arnulf. Dei skryt alle av den enorme arbeidskapasiteten som Inga har og det store engasjementet ho har lagt ned både i butikken og i gravferdsbyrået.

Inga Goksøyr har heller ikkje tenkt å gi seg med det første, sjølv om ho kanskje snart vil trappe litt ned.

Klovnen Fix held jubileumsfeiring

For å gjere ekstra stas på butikken kjem også klovnen Fix innom butikken i morgon, laurdag. Kva for planar Fix har er aldri godt å vite.