Nyleg skreiv vi om den siste utviklinga i arbeidsmarknaden. Ferske tal frå NAV syner at kommunane Sande, Herøy, Ulstein og Hareid framleis ligg på topp når det gjeld talet på heilt arbeidsledige. Fleire hundre personar i desse fire kommunane er utan arbeid. Våre fire kommunar har vore på topp i arbeidsløyse i Møre og Romsdal dei siste par åra.

Samstundes er tilgangen på arbeidskraft ei utfordring for næringslivet. Tilbakemeldingar vi har fått, går ut på at dette i høgste grad også gjeld vår region. Innanfor fleire fagområde, til dømes manglar bedriftene folk, og det er naturleg nok ein bremsande faktor for utviklinga i bedrifter, og utviklinga i regionen.

Eit godt døme på denne paradoksale utviklinga ser vi gjennom hjartesukket til Per Morten Bjørlykke i Herøy Taxisentral, ei sak vi skreiv om i førre avis. Selskapet har søkt og søkt, men får ikkje tak i sjåførar til å bemanne bilparken og etterspurnaden. Det har i neste omgang ført til at dei mellombels har blitt nøydde til å stenge for drosjekøyring mellom klokka 22 om kvelden og 09 om morgonen, i vekedagar. Det er alt anna enn bra, sidan drosjer og tilgangen på slike kan reknast som ein samfunnsviktig funksjon.

NAV-direktør Stein Veland seier fleire bedriftsleiarar gir klare meldingar om at faglært arbeidskraft er mangelvare. Dei nærast tryglar NAV om å få kandidatar som ønskjer å arbeide, og så vil bedriftene sjølve syte for opplæring. For tida er det stor etterspurnad etter arbeidskraft både i privat og offentleg sektor. Også i vårt distrikt. I teorien skal arbeidsløysa også lokalt dermed kunne bli redusert om fleire av oss er villige til å gripe sjansen, omstille seg og få seg arbeid. Jobbar er det nemleg mange av.