Tysdag fekk Vestlandsnytt melding frå lesarar - og politikarar - som sakna fleire kandidatar og parti mellom dei som dukka opp etter at svara var leverte inn.

Etter å ha undersøkt stoda kjem det fram at vår leverandør - Altinget - ikkje har fått inn svar frå alle grupper. Alle skal heller ikkje ha fått spørsmåla, slik vi skjønar det.

Vi konkluderte difor med at valomaten kan reknast som misvisande. Vi tok tysdag kveld valomaten vekk frå fronten på nettsida, slik også nokre andre Polaris-aviser har gjort etter å ha blitt merksam på sviktande svargrunnlag frå dei folkevalde.

Vestlandsnytt kjem tilbake med valomaten om ein dag eller to, når han kan friskmeldast.