12 elevar sit på bassengkanten med augo festa på instruktøren i vatnet. Dagleg leiar Karl Petter Sortehaug ved Sunnmørsbadet forklarar elevane kva neste oppgåve går ut på.

I «bølgjebassenget» nokre meter unna er ei anna gruppe i full leik. Snart skal også dei vise kva dei er gode for i varmtvassbassenget.

Alle elevane på Sunnmørsbadet denne måndags morgonen er småskuleelevar i 1. til 4. trinn, men ei av gruppene får meir opplæring enn den andre.

– I dag held vi på med symjesertifisering. Møre barne- og ungdomsskule har delteke på ein ny plattform for symjing, der kvar elev får tilpassa sertifisering ut ifrå kva for nivå dei ligg på, forklarer Sortehaug.

Opplæring eller bading?

Møre-skulen har samarbeida med Sunnmørsbadet i fleire år.

– Alle våre elevar i 1. til 9. trinn får symjeopplæring i faste periodar om vinteren. Dei yngste (1.-4. trinn) får mest undervisning: éin dobbeltime i veka i ni veker i strekk. Mellomtrinnet har ein dobbeltime i veka i seks veker, og 8. og 9. trinn har ein dobbeltime i veka i tre veker, informerer rektor Arve Fiskerstrand.

Han er elles meir oppteken av kvalitet enn timetal.

– Det er ikkje nok å vere i symjehallen og ha eit visst tal på timar i vatnet. Ein må også ha systematikk og kvalitet, og ein må vite kva for type opplæring kvar enkelt elev skal ha. Viss ikkje vert det ikkje opplæring, men berre bading, seier han.

Endring i lovkrava

I fjor endra Utdanningsdirektoratet dei lovpålagde kompetansemåla for symjeopplæring i skulen. Det medførte mellom anna at det frå skuleåret 2017/2018 vart obligatorisk å gjennomføre ei ferdigheitsprøve for elevar på 1.–4. trinn. Denne består i realiteten ikkje av éin, men av sju øvingar.

U-dir. skriv:–Det er difor ikkje hensikta at øvingane skal gjennomførast samla på slutten av 4. årstrinn. Ferdigheitsprøven kan bli brukt som ein del av eit pedagogisk opplegg i opplæringa for å sikre progresjon og tilpassa opplæring.

Også dei pålagde kompetansekrava for 7. og 10. trinn er konkretiserte i endringa.

Opplæringslova § 13–10 seier dessutan at «Kommunen/fylkeskommunen og skoleeigaren for privat skole etter § 2–12 har ansvaret for at krava i opplæringslova og forskriftene til lova blir oppfylte, under dette å stille til disposisjon dei ressursane som er nødvendige for at krava skal kunne oppfyllast».

For å vere sikre på at dei nye krava vart følgde, gjorde rektoren grep:

–Alle elevane får individuell oppfylging og har kvart sitt symjekort, der det blir skrive ned kva for kompetansemål dei gjennomfører etter kvart som dei vert godkjende, seier han.

Han er godt nøgd med samarbeidet med Sunnmørsbadet:

– Vi opplever gode resultat hos elevane. Sist måndag sumde nesten alle elevane på mellomtrinnet 1000-meteren, og det er langt over kravet. Dette er eit resultat av god og systematisk opplæring, slår han fast.