Pårørandeskulen er eit samarbeid mellom Herøy kommune, pleie- og omsorgsavdelinga og Nasjonalforeninga for folkehelse, representerte ved Ytre Søre Sunnmøre Demensforening.
Inger Marie Tofthagen frå Ytre Søre Sunnmøre demensforeining fortel at dei er svært glade for at Herøy kommune også i år har pårørandeskule.
– Kommunen har gjennom mange år arrangert skulen, og det har vore særs gode tilbakemeldingar frå tidlegare deltakarar, seier ho i ei pressemelding.
– Det er viktig for demensforeinga å vere med på dette og på den måten bidra til å støtte arbeidet med å auke livskvaliteten og deltakinga for personar med demens og deira pårørande. Vi ser det òg slik at kurset vil auke openheita og forståinga for personar med demens, og dermed bidra til eit meir demensvennleg samfunn.
Kåre lever godt med demens
Der er mykje å lære
Pleie- og omsorgsleiar Siv Jensen fortel at Herøy kommune har hausta gode erfaringar med å drive pårørandeskulen.
– Målsettinga til Pårørandeskulen i Herøy er å gje pårørande auka kunnskap om demenssjukdomar og gje grunnlag for at pårørande betre kan takle situasjonen sin i møte med familie og vener. Ved å delta på pårørandeskule vil pårørande møte andre i liknande situasjonar og med like utfordringar, få kjennskap til kva rettar dei har og korleis dei får kontakt med hjelpeapparatet, seier ho i pressemeldinga.
Slik er skulen lagt opp
Skulen er lagt til Dagsenteret for personar med demens på Eggesbønes. Pårørandeskulen går over fire tysdagskveldar. Oppstart for første kveld er 5. februar. Kvar kurskveld er bygd opp likt. Første delen av kvelden vert det foredrag, følgt av samvær med andre pårørande i samtalegrupper. Over ein kaffikopp og litt å bite i, vert det tid til både erfaringsutveksling og diskusjonar rundt dagens tema. Fagkoordinator for demens, Jorunn Johnsen, vil, saman med andre tilsette i pleie- og omsorgsavdelinga, vere til stades alle kveldane.
Viktig med openheit om demens
Foredragshaldarane
Det er sjette gong Pårørandeskulen vert arrangert i Herøy. Tofthagen og Jensen er glade for å kunne presentere eit program med foredragshaldarar som kjem frå fagmiljø utanfor kommunen og lokale fagfolk: Bjørn Martin Aasen underviser om demenssjukdom. Anne-Sofie Egset frå Høgskulen i Volda stiller i sitt innlegg spørsmålet «Kan ein ha eit godt liv med demens?». Tommy Dahl og Gro Anette Frøystad Voldsund informerer om velferdsteknologi, aktivitetsvenn og aktivitet i kvardagen, presenterer avdeling for tenestekoordinering og gir eit innblikk i pasientrettar. Pårørandeskulen vert avrunda av prest Jens Terje Johnsen, med temaet «Sorg og tap».
Både Pleie og omsorgsavdelinga og Ytre Søre Sunnmøre demensforening oppfordrar alle pårørande til å melde seg på skulen!
– Tilbodet om pårørandeskule er eit godt tilbod til pårørande i Herøy kommune, understrekar dei.