Etter visitasgudstenesta, som var i Herøy kyrkje på søndag, vart det halde eit såkalla visitas-møte. Det var eit ope møte mellom bispen og kyrkjelyden der bispen las visitasmeldinga si.

Stilte spørsmål ved forskjellsbehandling av pensjonerte prestar

Etter foredraget var det fritt føre for folk å kome med spørsmål til bispen. Det var då Ole Arild Bø tok til ordet for å stille spørsmål om det han ser som ei forskjellsbehandling av pensjonerte prestar i Herøy. Han sikta spesielt til at Jens Terje Johnsen ikkje har fått vere vikarierande gudstenesteleiar etter personalkonflikten i kyrkja.

– I eit stort oppslag i Sunnmørsposten gjekk biskop og prost ut og var bekymra for at det ikkje var nok prestar til å dekkje kyrkja sine behov, forklarte Bø.

Han forklarte vidare at det i avisa gjekk fram at bispen var redd for messefall og at prosten måtte låne mannen som eigentleg ikkje er prest for å unngå at kyrkjedørene er låste når folk kjem til gudsteneste.

– I Herøy er vi i den privilegerte situasjon at vi har tre pensjonerte prestar. Høgst oppegåande. Den eine har rett nok meldt seg ut. Vår allés Jens, er ein av desse. Han bur på Bergsøya, syng i Herøy kyrkjekor og er aktivt med i kyrkjelyd-samanheng. Men til forskjell for dei to andre prestepensjonistane, blir han ikkje brukt som prest i gudstenestesamanheng. På bakgrunn av presseoppslaget spør eg: Kvifor ikkje biskop? spurte Ole Arild framfor forsamlinga.

– Legg det bak oss

Bispen takka so for moglegheita og anledninga til å svare på dette.

– Eg skjønar at du spør og vil trekke fram ei historie som har vore vond og vanskeleg. Fleire har i løpet av desse dagane sagt: Sånn var det, det høyrer fortida til, sa ho.

Midttømme forklarte at så lenge det har vore ei konfliktsone, har ho bestemt at gudstenesta ikkje skal vere som ein arena for denne konflikten.

– Men eg har gjennom denne visitasen sett, erfart og høyrt at dette er vi ferdige med – vi går vidare saman framover. Alle pensjonistar blir behandla likt framover når det gjelder å få lov til å ha vikartimar. Eg har fått bekrefta at det som var vanskeleg, har de lagt bak dykk. Det har vore min føresetnad alle desse åra, avslutta Midttømme, og inviterte Ole Arild tilbake for å svare.

Veldig takksame

– Eg tek ikkje opp dette fordi eg ynskjer å ripe opp i det som var veldig vanskeleg. Vi var veldig usamde i måten dette var handsama på, men slik blei det, og det aksepterer vi. Vi vil sjå vidare fram og er veldig opptatt av det. Eg tolkar det som du seier no, som at Jens og alle andre pensjonerte prestar heretter vil bli behandla likt. Det er vi veldig takksame for, takka Ole Arild, og fekk bekrefta si tolking av biskopen sit svar.

– Då tolka du meg rett, avslutta Ingeborg Midttømme.

Det blei heller ikkje stilt fleire spørsmål etter dette.