Dei fleste som vi snakka med på opningsdagen tysdag, både lokale utstillarar og andre, melde om stor interesse og optimisme. Fleire bedrifter frå Herøy og Sande stiller med eigne standar også under årets utgåve av NorFishing. I tillegg er Herøy kommune representert på Møre og Romsdal fylke sin fellesstand.
Bak standane ser vi folk bøygde over papir saman med kundar. Det blir slutta mange kontraktar desse dagane. Vi ser også ny teknologi og nye typar fiskereiskap som blir viste fram.
Dei gode tidene opnar også for innovasjonar på ulike område. Modellen av den nye ringnotbåten «Libas» vekte oppsikt blant ringnotreiarar.
Messa er også ein viktig møteplass for næring og forvalting. Alle dei store fiskerifylka har store og til dels prangande standar under NorFishing 2018.