Felles for nesten alle som har ytra seg om denne saka, er at dei er svært negative til at Hareidlandet, Gurskøya og for den saks skuld også Vanylven skal vere med på NVE sitt «kan-kart» for vindkraft. Det er forståeleg. Det er desse fjella vi har. Her finst ikkje så mange andre lokale alternativ for friluftsliv og rekreasjon. Det er bygt ut eit stort nettverk av turløyper, trimpostar og gapahukar i fjella våre, for å betre tilgangen til «uteliv». Det er også heva over ein kvar tvil at slike monstermaster ville vere negative for den lokale faunaen.

Om det skulle vere nokon politiske grupperingar som har leika med tanken om å seie ja til vindturbinar, har dei også hatt fylgjande i bakhovudet: Det er valår i år. Å kaste seg ut i valkampen med «ja til lokal vindkraft» på plakaten, ville nærast vere identisk med å erklære seg politisk død, slik underteikna tolkar stemninga i folkedjupet. Saka har vekt stort engasjement blant folk, og slikt skal ikkje undervurderast. Kven vil vel handle motsett av det dei fleste veljarane ynskjer? Når det er sagt, trur vi elles politikarane er fullt ut kapable til å tenkje fornuftige tankar sjølve.

På den andre sida har saka, basert på enkelte uttalar, eit snev av NIMBY-effekten. Det står for «not in my backyard», og syner til motstand mot endringar i eige nærområde, medan ein nødvendigvis ikkje er mot endringar i andre sine nærområde. På ei tredje side er det heller ikkje sikkert at ei lokal vindkraftutbygging vil gje særleg med «kronasje» til lokale kommunar.