Formannskapet mislikar sterkt hardkøyret som Folkelista har sett i gang mot rådmann Olaus-Jon Kopperstad etter eit par tilsettingssaker i Herøy kommune i det siste.
Kjell Runde la breisida til, men fekk ikkje det minste støtte frå formannskapet då rådmannen si grunngiving for avtalar han har inngått var tema på fyrste møtet i det nye året.
Det var Runde som bad om at formannskapet måtte ta ei drøfting av notatet som rådmannen har laga i samband med at Folkelista har bede kontrollutvalet sjå på saka.
Må sjekke postlista?
Spesielle avtalar
Som kjent frå avisinnlegg er det tilsettinga av Andreas Nørve som assisterande rådmann, samt den spesielle pendlaravtalen som Jan Vidar Dammen-Hjelmeseth har fått for å halde fram som kommunalsjef stab, kritikken frå Folkelista går på.
Problemet for Folkelista synest å vere stillingsnemninga som assisterande rådmann, i ei stilling der det vart lyst etter ny kommunalsjef samfunn.
– Om Nørve var tilsett som kommunalsjef så ville det ikkje ha vore noko problem for oss i det heile. Det er måten ting blir gjort på, og avtalar som er inngått, vi er usamde i, slo Kjell Runde fast.
Svarar Bjarne Kvalsvik: - Har ikkje oppretta noko ny stilling
Kraftig oppgjer
I staden tok formannskapet eit kraftig oppgjer med måten Folkelista har valt å «fronte» desse sakene på med å gå gjennom media.
Rundt bordet vart det ikkje lagt skjul på kva formannskapet meiner, og dei sterkaste reaksjonane gjekk på ordbruken som Bjarne Kvalsvik og Kjell Runde har bore fram. Det toppa seg med denne karakteristikken som sistnemde kom med av rådmannen:
«Vi har ein rådmann som tek seg friheiter som om han skulle vore leiar for eit enkeltmannsføretak».
- Konspiratorisk og spekulativt av Bjarne Kvalsvik
Rådmannen sitt område
Ifylgje lov og reglement er det politikarane som opprettar stillingsheimlar. Resten har politikarane overlete til rådmannen, som gjer tilsetting av folk og inngår avtalar. Det understreka rådmannen i notatet han har laga til formannskapet – etter oppmoding frå kontrollutvalsadministrasjonen.
Til formannskapet opplyste rådmannen at han hadde hatt drøftingar med dei tilsette, og gitt formannskapet ei orientering. Alle såg på avtalane som uproblematiske.
Dei beste folka
– Det viktigaste for meg som rådmann er å sikre at vi får tak i dei rette folka, og at vi greier å halde på dei, understreka rådmann Kopperstad i si forklaring på bakgrunnen for dei to avtalane som Folkelista har reagert så sterkt på.
Han gjorde det klart at rådmannen av og til må strekke seg ganske langt for å tak på den kompetansen ein vil ha, det vere seg pendlaravtalen med Hjelmeseth-Dammen eller tilsettinga av Nørve som assisterande rådmann/kommunalsjef samfunn.
– For meg er det klinkande klart at har vi ikkje kommunalsjefar som kan bidra til god økonomistyring, vil pengane kunne renne fort ut. Då dreiar det seg om heilt andre beløp enn det vi her snakkar om, sa Kopperstad og sikta til lønspåslaget som Nørve har fått i forhold til forgjengaren, og dekkinga av Dammen-Hjelmeseth sine reisekostnader til og frå Bergen.
Kopperstad understreka at desse avtalane var inngått i ein situasjon der kommunen stod i fare for å misse tre av fire kommunalsjefar – med berre eitt år igjen til hans eigen tilsettingsavtale går ut.
Veldig uheldig
Tor Sigmund Garvik (Frp) opna runden rundt bordet med denne oppmodinga: – Eg synest vi heller skal skryte av rådmannen enn drive med nedrakking.
Det ville Ole Brubakk (KrF) slutte seg til og Brubakk beklaga både temperaturen og ordbruken til Runde.
Per Kristian Fure (A) frykta Folkelista sine reaksjonar og utspel i desse sakene vil vere med på å sette politikarane i eit dårleg lys.
– Eg trur det vil vere veldig uheldig om oppfatninga av Herøy kommune blir at vi ikkje behandlar folk med respekt.
Bjørn Otterlei (H) meinte det kan vere legitimt å stille spørsmål om ting ein lurer på, men då må dei stilast dit dei høyrer heime.
– Dette har ikkje noko i avisa å gjere, slo Otterlei fast og fekk brei støtte rundt bordet.
Mellom anna frå Svein Gjelseth (A) som meinte denne måten å drive politikk på kan vere veldig skadeleg.
Ordførar Tine Storøy syntest rådmannen hadde gitt ei god orientering og avrunda med at no blir det opp til kontrollutvalet om dei vil sjå på saka.