Nyleg kunne selskapet som har hovudbase i industriområdet i Gjerdsvika leggje fram sitt beste resultat på fleire år. Etter eit driftsresultat på 3,9 mill. kr er Stadt AS, som bygde nytt produksjons- og administrasjonsbygg i heimbygda for få år tilbake, gjeldfritt.

– Ei hovudårsak til dette skriv seg frå banebrytande kontraktar innan explorer yachtsegmentet, og tillegg den militære marknaden, seier Slettevoll i høve resultatframlegginga.

Levert over heile verda

Svenske Saab AB skreiv i 2017 ein viktig kontrakt med Stadt for det unike støyfrie elektriske framdriftssystemet for militære skip, som no er levert og patentert over heile verda.

Stadt sine prosjekt er ei blanding av eigenutvikla Lean Propulsion-teknologi, tavlesystem og eit totalansvar for å sy saman eit omfattande kraft- og elektrisk framdriftssystem for skipa. På fagspråket; systemintegrasjon. Her har verksemda bygd opp kompetanse over meir enn 30 år, og er ein av dei leiande aktørane på området.

Betring i offshoremarknaden

Hallvard L. Slettevoll seier at ein no også ser teikn til betring i offshoremarknaden, som tradisjonelt har vore svært viktig for selskapet. Han peikar dessutan på at det er mykje som no skjer innan oppdrett og akvakultur her heime.

– Men skipsbyggings- marknaden er svært internasjonal, og vi vil no styrke vår internasjonale salsinnsats, mellom anna ved at vi søkjer etter ny salssjef for eksport.

Stadt sine framdriftsløysingar er i fylgje Slettevoll svært aktuelle for alle typar miljøvenlege skip. Ein kombinasjon av diesel, LNG, batteri og brenselceller er fullt mogleg å få til i eitt og same skip, anten ved nybygging, oppgradering, eller at ein førebur for ei slik utviding seinare.

– Med ei heil-elektrisk framdrift, kan energikjeldene lett rokerast over tid, alt etter kva miljøkrav og økonomi tilseier er mest lønsamt og tidsrett. Ei framtidsretta og svært robust løysing med stor fleksibilitet, avsluttar Slettevoll.