– Det er beklageleg at Asle ikkje lenger blir vår rådmann, vi skulle gjerne hatt han i teneste for oss. Asle har gjort ein formidabel innsats for Sande kommune, og har vore veldig fokusert og opptatt av jobben, også i sjuke-perioden, seier ordførar i Sande, Dag Vaagen.
Han fortel at det er Asle sjølv som har bestemt seg for å tre av. Dette skjer etter lengre tids sjukefråvær, grunna eit hjerneslag.
Trist å slutte
– Det er naturlegvis trist for meg å måtte slutte i stillinga. Likevel er eg ikkje i tvil om at dette er det rette å gjere. Eg har kome fram til at «halv» kropp og omfattande rehabilitering er uforeinleg med jobben som rådmann, fortel ein vemodig Giske.
Ordføraren seier at både kommunen og Asle sjølv var innstilte på at han skulle halde fram, men slik blir det ikkje.
– Eg har gjort eit ærleg forsøk på å kome meg tilbake, og prøvde å jobbe i full stilling i januar, men eg kjenner at dette blir for vanskeleg.
I tida framover vil Giske fokusere på å trene opp kroppen fysisk.
– Dette er ei dør som vert lukka. Vi får sjå kva som opnar seg i framtida, seier Giske.
Takkar for ei triveleg tid
Den avtrappande rådmannen fortel at det er hyggeleg å få skryt for sin innsats i Sande, for som han sjølv seier, det har vore mange timar og mykje arbeid i stillinga.
Han vil også skryte og takke politikarane i Sande og kollegaane i kommuneadministrasjonen.
– Eg har trivst veldig godt i Sande kommune. Eg vil takke for tillita eg har fått frå både politisk og administrativt hald, og for ein god dialog i denne perioden. Det varmar også å vite at det har vore ynskjer om at eg skal bli i stillinga.
Indregård tek over inntil vidare
Oddbjørn Indregård har fungert som rådmann i rådmannen sitt sjukefråvær, og styrer framleis skuta inntil vidare.
– Vi tek sikte på å konstituere Oddbjørn Indregård som rådmann snarast råd, forklarar Vaagen.
Han ser for seg at Indregård kjem til å fungere i stillinga i ei lengre periode før ein byrjar å emne på ei permanent løysing over sommarferien.