Då Sunnmøre fotballkrets for tredje året på rad ville arrangere inne-KM som ein serie over tre månadar, protesterte klubbane. Dei aller fleste valde å ikkje melde seg på. Bakgrunnen for protesten er at klubbane meiner ei slik turnering tek for lang tid, samtidig som den krasjar med kvalifiseringa til 1. divisjon i den «normale» fotballsesongen.

Det opplyser trenar for Bergsøy G16, Anders Helsem Hoff. Han seier vidare at det klubbane ynskjer seg, er ei turnering over ei helg. Ettersom kretsen ikkje var einig i dette, tok Volda på seg å arrangere eit uoffisielt inne-KM sist helg. Der var det totalt rundt 50 lag som deltok i klassane G16, J16, J19 og G19. Og for Bergsøy sitt G16-lag gjekk det særs bra.

Målrik innleiing

Dei talentfulle Bergsøy-gutane innleia turneringa med å slå Ørsta 2 med 4–3. Bergsøy leia her både 1–0 og 2-1, men mot slutten av kampen snudde ørstingane til 3-2-leiing. Dei unge Bergsøy-spelarane gav derimot ikkje opp og snudde kampen tilbake med to scoringar i løpet av dei siste to speleminutta. I den andre kampen leia Bergsøy tidleg 2-0, og ifølgje Hoff var sigeren aldri truga, sjølv om Langevåg Blå fekk seg eit mål mot slutten av kampen. Dermed var Bergsøy gruppevinnarar, og den siste kampen mot Volda blei ei transportetappe der herøyværingane til slutt vann 4–1.

I mellomspelet skulle to av tre lag vidare, og Bergsøy skulle møte Hødd 2 og Hareid.

– Mot Hødd 2 fekk vi ikkje spelet til å sitje, og då vi prøvde å kome tilbake i kampen, sikra dei seg ein 3-0-siger. Når Hødd 2 også slo Hareid stod det mellom oss og Hareid om den siste semifinaleplassen. Her var gutane heiltende etter det sure Hødd 2-tapet og tok ein solid 2-0-siger, fortel Bergsøy-trenaren.

Marcinkevicius briljerte

I semifinalen venta Hødd 1, eit lag som i utgangspunktet skulle vere det beste Hødd-laget. Bergsøy starta best og skaffa seg ei tidleg 2-0-leiing. Men ulsteinvikarane kjempa seg tilbake i kampen, og med 2–2 gjekk kampen til speleforlenging. Her trengde Pijus Marcinkevicius berre eitt minutt på å avgjere kampen. Det var Pijus si tredje scoring i kampen. I finalen venta eit nytt møte med Hødd 2, og denne gongen skulle det lykkast for Bergsøy. Mål av Håvard Nerland og Pijus Marcinkevicius sørga for 2-1-siger.

– Denne gongen var gutane fast bestemte på at sigeren skulle vere vår, og vi hadde eigentleg full kontroll heile kampen, fortel Helsem Hoff.

Trenaren sparar heller ikkje på komplimenta når det gjeld Marcinkevicius, som neppe er ukjend for Vestlandsnytt sine lesarar, då han allereie er ein sentral spelar for Bergsøy sitt førstelag trass sin unge alder.

– Pijus var cupens gigant og soleklart beste spelar. Han er eit fantastisk talent, seier Hoff.

– Eit lag vi vil høyre mykje om

Men Pijus er ikkje den einaste talentfulle spelaren i laget. Anders Helsem Hoff fortel om ei stor gruppe spelarar med ei lovande framtid.

– Eg og Stian Elveseter tok over laget i mars i år, då hadde vi 17–18 spelarar. No har vi 32 spelarar i stallen og har delteke i seriesystemet med to 11ar-lag og eit sjuarlag. Prestasjonane har vore litt variable, men på Norway Cup gjorde vi ein veldig god figur. Fleire av spelarane har tatt store steg denne sesongen, og fem av dei har fått prøve seg på junior. Kristoffer Dalstrøm har også debutert for A-laget. Dette er utan tvil eit lag vi vil høyre mykje om framover, som har mange gode talent, avsluttar Hoff.