– Ja, dette blir litt av eit partytelt, spøkjer Tom Beddari då Vestlandsnytt ringer for å spørje om statusen for prosjektet.

I dei siste vekene har det nemleg vore mykje byggeaktivitet ved stadion.

Taket er neste

– For augeblinken jobbar vi, som de ser, med stålkonstruksjonen som held alt oppe. Det neste er at vi skal få på taket, noko som vil skje i løpet av dei neste vekene, forklarer byggeleiaren for Prosjektbygg, Tonny Pettersen.

Når taket er på plass skal veggane settast opp og isolerast. Når dei er oppe i løpet av 8 vekers tid, skal det leggast nytt kunstgras inne. Til slutt blir det litt arbeid med belysning og liknande før hallen er antatt å stå klar til bruk i midten av mai. Det er i alle fall den peikepinnen vi har fått.

Dei ytre måla på hallen er 75 gongar 43 meter. Speleflata blir 36 gongar 63 meter. Dette er altså ei 7-ar bane.

Trur det vil auke rekrutteringa

Tom Beddari er glad for å sjå at hallen tek form.

– Vi gler oss til å få på plass denne hallen. Den er eit positiv tilskot på fleire plan, forklarar den daglege leiaren i Bergsøy fotball.

For det fyrste vil hallen skjerme for vêret og gjere det mogleg å trene innandørs. Dette vil spare resursar til dømes når det kjem til brøyting av bane på vinterstida.

– Så håpar eg dette vil kunne auke rekrutteringa i idretten. Vi vil aktivisere mest mogleg unge i fotballen, og ein slik hall trur eg vil gjere det lettare sjølv om Bergsøy allereie er solide på rekruttering på gutesida. Vi har ein del å gjere på jentesida.

– God sosialøkonomi

I tillegg til å vere ein hall for idrett, ser ikkje Tom nokon grunn til at denne hallen ikkje skal kunne brukast i andre samanhengar.

– Denne hallen har klare fleirbruksmoglegheiter. Eg ser for meg at denne også kan brukast i arrangement-samanheng utan å konkurrere med andre tilbod her ute. Dette er eit tilbod for heile Herøy. Det er god sosialøkonomi vi driv med her, slår Beddari fast.

Avslutningsvis skryt Beddari over kor flott anlegget har blitt.

– Du skal leite lenge for å finne noko betre. Tilbodet blir berre breiare og betre.