Sjølve graderinga skjedde to dagar før i Mjøndalen utanfor Drammen. Så det var med ei viss spenning ein måtte vente heilt til seremonien på søndag før ein kunne få bekrefta om graderinga var god nok til å kunne få svart belte.
I tillegg til graderinga, deltok utøvarane frå Ulstein Taekwondo Klubb på sommarleir ved Chon-Ji Taaekowondo Academy Hokksund, frå fredag til søndag.
Vegen mot målet
Det er viktig å sette seg mål. Når ein startar å trene kampsport, er målet for mange å få svart belte. Taekwondo er ein fin sport for både kropp og sjel, som gir mykje glede uansett nivå. Men sikter ein mot svart belte, ligg det tusenvis med timar bak. Derfor er det å få svart belte ei stor hending.
Pensum til gradering er ikkje berre slag og spark, men også teori og uttrykk på koreansk, fletta inn i ulike delar. Der er fire ulike deler ein skal gjennom.
• Først skal ein vise grunnteknikk. Sensor ropar ut kommandoar, og utøvarane svarar med å vise teknikken.
• Det neste på programmet er poomsae. Dette er ulike mønster/ rekker med bevegelsar, der kvar beltegrad har sin poomsae. Når ein skal graderast til svart belte, må ein kunne ni poomsaer. Poomsaane symboliserer vatn, lys, eld og liknande.
• Tredje delen ein skal opp i er kamp.
• Siste og fjerde del, er brekking eller knusing. Der skal utøvarane kunne vise fire ulike teknikkar for å kunne knuse platene.
Under graderinga i Mjøndalen var det på plass tre sensorar til å vurdere utøvarane. Det var to frå Danmark, og ein frå Tyskland. Så det faglege var godt ivaretekne.
Ein klubb i utvikling
Ulstein Taekwondo Klubb blei stifta i 1996. Dagens trener, Magomed Kudosov starta å trene med to søner for nokre år sidan. Etter kvart hjelpte Magomed til med graderingar og liknande. Seinare tok
Magomed over klubben, og sidan har han og sonen Magomed Khan vore drivarar og trenarar. Etter ein trong start med lite pengar og mangel på utstyr, fekk klubben støtte frå næringslivet slik at ein
kunne kjøpe inn litt utstyr. Deretter vart det laga planar og mål for framtida. Dermed kunne arbeidet med å nå måla starte.
Klubben er i dag veldig aktiv, med treningar 5 dagar i veka, med rundt 90 engasjerte utøvarar. Far og son, Magomed og Magomed-Khan, gjer ein eineståande jobb. Dei er både entusiastiske og dyktige.
I tillegg til klubbens eigne trenarar, har det vore ein tradisjon éin gong i året å leige inn både trenarar og utøvarar frå andre klubbar. Også frå andre land, som har solid erfaring og kompetanse. Dette gir klubben mykje inspirasjon. På denne dagen kan alle som har lyst til å prøve taekwondo, kome å leike og trene saman med utøvarane ein heil laurdag. På våren arrangerer klubben klubbkonkurranse. Då vert andre klubbar invitert til venskapelege kampar. Det har vore eit særleg godt samarbeid med Ålesund WTF Taekwondoklubb.
Gode resultat
Dei siste åra har klubben gjort det veldig bra i konkurransar. Utøvarane har tatt mange medaljar i fleire klasser.
Det er no danna ei «Satsgruppe», som trener 5 dagar i veka. Dette er for dei som vil trene meir intensivt og målretta mot konkurransar.
Det blir meir og meir krevjande pensum til høgare beltegrad ein får. Det krevst ein del trening for å kunne stige til neste nivå. Klubben er no inne i ei god utvikling. Med dei fem karane som fekk svart belte i Mjøndalen 17. juni, viser dette at klubben gjer ein god jobb.
Klubben har til saman 10 utøvarar som har svart belte. Det er 8 utøvarar som har lågaste grad, dvs. 1. Dan. Trenarane Magomed har 4. Dan, og Magomed-Khan har 3. Dan. Alle som får svart belte, blir oppført med namn og bilete i eit register i Korea, opphavslandet til taekwondo.