– Det er klart det er stas å bli heidra for teneste i eit anna land.
Vi sit i heimen til Oddvar Endresen på Frøystad. Oddvar røyser seg frå godstolen å går ut i gangen. Han kjem so tilbake med to medaljar. Den eine er forgylla der det er inngravert: «Tysklandsbrigadene 1947-1953». Den andre er forsvarets medalje for internasjonale operasjonar.
– Desse fekk eg tildelt på Remøya i vakkert sommarvêr no på søndag. Til stades på seremonien var representantar frå heimevernet og familien min, noko eg er veldig takksam for, fortel Oddvar.
Tenestegjorde i Flensburg
Oddvar Endresen får utmerkinga fordi han var ein av om lag 50 000 norske soldatar som gjorde ein heiderleg innsats som fredsbevarande styrke i Tyskland etter krigen. Dette var eit viktig arbeid for å trygge freden i Europa. Okkupasjonen av Tyskland skulle sikre overgangen frå ein nazistisk stat til ein demokratisk, samt avmilitarisering. Etter 1949 blei okkupasjonsstyrkane betrakta som ei stabiliseringsstyrke for den nye staten mot det som blei oppfatta som trusselen frå aust. Den Kalde krigen hadde byrja.
Endresen som opphavleg er frå Vesterålen, gjorde dette som si fyrstegongsteneste i 1951, 21 år gammal. Han var ein del av Tybrig 511, kontingent 1.
Oddvar leitar fram eit falma og tidsprega fotoalbum. Dette albumet syner litt av tida han hadde i Tyskland. Han viser blide frå leiren der han var stasjonert.
– Eg var stasjonert i Flensburg, og hugsar framleis dei flotte kasernane der. Oppgåva vår var for det meste å halde vakt og halde orden, smiler Endresen.
Han skildrar korleis det var å vere i Tyskland denne tida.
– Det var ei interessant tid. Det var spesielt å kome inn til Hamburg å sjå korleis krigen hadde herja. Bruene var smadra og heilt forvrengde, fortel Endresen med innleving.
Sjølv følte han seg godt velkommen i Flensburg, men ...
– Der var nokre gater vi ikkje turte å vere i, der det var fare for å bli nedslått. Men elles synest eg det var trivelege folk rundt oss. Maten var heller ikkje noko å skryte av. Eg hugsar godt kor kjekt det var å få arbeide utanfor Flensburg, i Schleswig, for der var det masse god mat, fortel Endresen.
Ei sterk oppleving
Eg spør Endresen om han har eit spesielt minne som stikk seg ut ifrå tida i Flensburg. Det tek ikkje lange tida før han byrjar å fortelje om ei utflukt som soldatane hadde til konsentrasjonsleiren Bergen-Belsen.
– Det gjorde eit stekt inntrykk på meg å kome inn i konsentrasjonsleiren å sjå alt det gruelege som var utretta der. Eg hugsar spesielt godt at vi fekk sjå gasskammera og massegraver. Eg trur faktisk den eine av gravhaugane var siste kvileplass for heile 5000 jødar. Det var utruleg sterkt å sjå, fortel Endresen.
Men, moro var det også …
Sjølv om tenesta i Flensburg baud på sterke augneblikk i eit krigsherja land, var det ikkje heilt fritt for artige situasjonar og humor blant kompaniet.
– Då vi skulle feire 17 mai hugsar eg vi fanga eit lite villsvin som vi knytte 17. mai sløyfe på det, flirer Endresen.