Saka vart drøfta på eit felles ordførar- og rådmannsmøte på Søre Sunnmøre sist veke. Bakgrunnen er den nyaste kvalitetssikringa (KS2). Denne analysen endar som kjent med ein gjennomgåande negativ konklusjon for skipstunnelen.

– KS2 utelet ei rekkje område med stor samfunnsnytte. Også då Eiksundsambandet skulle byggjast, var det liknande rapportar. No ser at vi at Eiksundsambandet vert rekna mellom dei prosjekta som har størst nytteverdi i landet.

Det sa ordførar Dag Vaagen (H) då Sande kommunestyre vedtok uttalen.

«Har store manglar»

I denne heiter det at den siste kvalitetssikringa «har store manglar og har utelate viktige nytteeffektar av tunnelen».

– Viktige positive nytte-effektar som verdien av overført trafikk frå veg til sjø, auka tryggleik, positiv effekt for fiskerinæringa, næringseffekt som resultat av betre kommunikasjon (hurtigbåt) og auka utanlandsk turisme er ikkje prissett eller nemnt i det heile tatt i KS2, heiter det i uttalen.

Det vert samstundes streka under at skipstunnelen er eit unikt og banebrytande prosjekt, der ein ikkje har andre samanliknbare prosjekt eller samfunnsøkonomiske modellar.

Uttalen peikar vidare på at tunnelen for næringslivet vil innebere ei sikring av leveransar, kortare transporttid og at kvaliteten på råvarer som skal forbi Stad held seg god.

Forlis kostar dyrt

Med skipstunnelen får ein mellom anna også sikrare passasjertrafikk, samt at det opnar opp for småbåttrafikken som i dag vert avgrensa av vêrtilhøva ved Stad.

– Eit forlis ved Stad vil fort kunne få svært dramatiske konsekvensar. Medrekna oljeforureining, tap av menneskeliv, materielle tap og vrakberging kan eit forlis påføre samfunnet større kostnadar enn den faktiske prisen med å byggje skipstunnelen, heiter det.

Uttalen som vart utforma på «søre-møtet» slår dessutan fast at skipstunnelen vil auke fiskeri- og havbruksnæringa si konkurranseevne, samt at det vert stor internasjonal merksemd og auka turisme som ein bi-effekt av realiseringa.

– Stad skipstunnel kan bli ein attraksjon i verdsklasse, heiter det.