Sidan der ikkje er eigne apotek i Sande, må pasientar som får føreskrive reseptar, enten hente medisinen i andre kommunar eller få den tilsendt til ein godkjend utsalsstad.

I mange år har denne praksisen gått relativt problemfritt, og medisinen har som regel dukka opp neste verkedag etter at resepten vart utskriven, uavhengig av kvar i Sande pasienten er busett.

No er det ikkje lenger slik. Vestlandsnytt får opplyst at mange eldre i Sande er i villreie over ikkje å motta medisinen sin «i tide».

Ei eldre kvinne på Sandsøya måtte oppsøke Coop-marked (utleveringsplassen) heile tre gongar før medisinen var komen.

– Eg var hos doktoren førre onsdag, og fekk skrive ut nokre tablettar. Apoteket ligg i Ulsteinvik, så eg bad dei sende medisinen til meg, så eg slapp å fare så langt for å hente den, fortel kvinna.

Men medisinen var ikkje komen torsdag. Heller ikkje fredag. Først måndag dukka tablettane opp.

– Hadde eg visst at det skulle ta så lang tid hadde eg sjølvsagt reist til Ulsteinvik og henta den sjølv. Det kjem eg til å gjere heretter, seier kvinna.

Heldigvis feila det henne ikkje noko alvorleg.

– Men for andre kan det no vere viktig å få medisinen raskt, seier kvinna.

Fungerer godt på Larsnes

På Larsnes kjem medisinen som regel fram dagen etter legebesøket. Er ein heldig, og har vore hos legen om morgonen, kan ein til og med få den same dag. Til Larsnes vert nemleg medisinen frakta med bussen.

– Bussen kjem frå Ulsteinvik kvar dag unntatt laurdag, seier butikksjef Nina Liaset ved Coop-marked på Larsnes.

Til øyane vert elles medisinen frakta med posten. Apotekar Hans Kjølen ved Apotek 1 i Ulsteinvik forklarer kvifor det er slik:

– Apoteka har fleire måtar å sende medisin på. Ein av dei er å bruke ein kommisjonær. Det er ei innarbeidd ordning, der apoteka inngår ein avtale med ein ekstern aktør som kan formidle vidare pakken til sluttbrukaren. Slik er det på Larsnes, og då går leveransen som regel ganske raskt, seier han.

Etter anmoding frå legen, kan Apoteket også sende medisinen som postoppkrav.

– Då er det Postens distribusjonsordning som gjeld, forklarer Kjølen.

Og det er her utfordringa ligg. Frå nyttår slutta nemleg Posten å skilje mellom A- og B-post.

Vert sortert i Oslo

Pressesjef John Eckhoff i Posten Norge fortel at post frå heile landet først vert samla og sortert på Østlandsterminalen i Lørenskog, før den vert send ut igjen – til heile landet.

– Sidan det er slutt på A- og B-post, kan vi i større grad sentralisere postsorteringa. Vi kan også sende mykje meir innlandspost via vegen, og treng ikkje nytte fly, seier han.

Med denne ordninga skal det i utgangspunktet ta to vekedagar før posten kjem fram.

– Men berre viss den er postlag¨d før fristen kl. 10.00. Det er mogleg å bestille ekspressløysingar, men det er eit spørsmål om betalingsvilje, seier Eckhoff.

Kostar pengar

Kommunelege Asta Sileikiene seier at ingen av hennar pasientar har nemnt at dei opplever tregare medisinlevering, men at kollegaen har høyrt om nokre tilfelle.

– Det vi elles reagerer på er at pasientane må betale for å få utlevert medisinen, seier ho.

Apotekar Kjølen opplyser at dette kjem som følgje av at Staten ikkje lenger betalar fraktrefusjon på ei rekkje legemiddel.