No er det indirekte takka vere krigsherre Vladimir Putin at det første kystruteskipet, «Havila Capella», er sett ut av spel. Det er uvisse med forsikringane, då det russiske leasingselskapet GLTK hamna på sanksjonslista som følgje av Russland sin invasjon i Ukraina.

Russland-trøbbelet er er siste del av ein serie med vanskar Havila Kystruten har opplevd etter at dei fekk statleg kontrakt på å drive fire kystruteskip på strekninga der Hurtigruten tidlegare hadde monopol.

Først vart det vanskar ved det spanske byggeverftet Barreras, som gjekk konkurs. Dei to kystruteskipa der vart flytta til Tyrkia. Så kom pandemien, med tilhøyrande nye utfordringar og forseinkingar, og jamvel gnissingar mellom reiarlag, verft og utstyrsleverandørar. Molde-selskapet NMI har som kjent stemna Havila Kystruten for tingretten i ein betent konflikt.

Vanskar ved verfta kan vere vanskelege å føresjå. Pandemi og krig kan trygt definerast som force majeure, ekstraordinære hendingar ingen tredjepartar kan bere ansvar for. Det bør vere i oppdragsgjevaren – samferdselsdepartementet – si interesse, like mykje som Havila Kystruten si, at reiarlaget får den hjelp og støtte som trengst for å kome på rett kurs igjen.