Begge årets brageprisvinnere i sakprosakategoriane har ifølgje juryane avslørt sanningar som for mange av oss står fram som løyndommar.

– Lettfatteleg, med glimt i auget, gir partikkelfysikaren og KI-forskaren Inga Strümke eit solid historisk overblikk og grundig innsikt i kunstig intelligens i «Maskiner som tenker», skriv juryen i grunngivinga si, og konkluderer med at boka gir eit uunnverleg innblikk i korleis vi kan ta kontroll over vår eiga framtid.

I sakprosakategorien for barn og unge, vann «Ordenes hårreisande hemmeligheter», som presenterer ulike ords opphav og betydning. Orda er dei plasserte under interesseeggjande og morosame kapitteloverskrifter, som «Fårete bøker», «Buksene Bruse» og «Tissen, rumpa og det som kjem ut derfrå».

–Verbalteksten til Ragnhild Holmås rett boblar av formidlingsglede, og det er lagt mykje energi i å dra lesaren med frå det eine oppslaget til det neste. Henriette Osnes følgjer opp den viltre leiken visuelt, rosar juryen.

(Osnes er frå Ulstein, red. mrk.)