Det sa fylkespolitikar Frank Sve då han måndag vart orientert om det gløymde gangvegprosjektet gjennom Sandvika.
Nyleg skreiv Vestlandsnytt ein artikkel om vegprosjektet som bygdefolket har venta på heilt sidan 1971. Trass i at planane har vore der, og ikkje minst behovet, er ikkje gangveg gjennom Sandvika å finne i dei fylkeskommunale prioriteringslistene.
– No må det vere vår tur
Otto Sandvik inviterte på vegner av grenda Sandvika Frp og Frank Sve på synfaring og orienteringsmøte om prosjektet som verkar å vere «heilt i det blå».
Møtet føregjekk i dei nye lokala til B. Tarberg AS i Sandvika, der dagleg leiar Aleksander Tarberg mellom anna synte fram reguleringsplanen for det komande nye Stokksund-krysset.
– Set det saman med reguleringa av Stokksund-krysset
Det syner seg at vegen er innteikna med gangveg eit stykke i retning mot Sandvika. Men så er det stopp.
Nettopp dette punktet meinte Sve det er verdt å gripe tak i.
– Vi samferdselspolitikarane kan prioritere, men initiativet må sjølvsagt kome frå kommunen. Og det er kommunen som har ansvaret for regulering. I dette tilfellet meiner eg det er innlysande at ein snarast råd må starte reguleringsprosessen med gangveg gjennom Sandvika, seier Frank Sve til Vestlandsnytt.
Frp-poltikaren har markert seg i samferdselspolitikken i Møre og Romsdal i ei årrekkje.
– Mitt råd er at ein ser dette i samanheng med omlegginga av Stokksund-krysset. Det er trass alt ikkje snakk om meir enn nokre hundre meter, seier Frank Sve.
Otto Sandvik og Caroline Sivertstøl Stolsmo kunne fortelje at det er 60 fastbuande og 18 born i den vesle grenda som soknar til Tjørvåg krins.
– Sopass ja, det er bygd gangveg på atskilleg mindre stadar enn dette. Alle ser at det er ein utfordrande trafikal situasjon rundt denne vika, seier Sve.
Han kom med fleire råd til bygdefolket om korleis dei kan gå fram for å få gjennomslag i denne saka. Ein fellesnemnar er at ein må få kommunen med på laget.