Raudmålinga skallar ikkje av ein einaste plass på ytterveggane til det eldgamle huset på Nesgjerdet. Listene er kvite, nett som vindaugs- og dørkarmane. Reidar Myrvågnes (71) og far hans før han, har passa på den verdifulle familiearven, som ber på slik ei minnerik historie.
– Det neste som skal fiksast er taket, seier Reidar og peikar på restane etter torvtaket som tyt ut under bølgjeblekket der oppe.
På det meste budde det ni menneske under det taket, åtte av dei barn. Kanskje la dei seg tett saman for å halde varmen når vinterkulda trengde gjennom dei tynne glasrutene. Eller dei flokka seg rundt vedomnen i stova midt i huset.
– Familien var såkalla husmannsfolk som leigde jorda her for å skaffe seg levebrød. I tillegg hadde dei ein viss arbeidsplikt på garden Myrvågnes, seier Reidar.
Inne i stova betraktar vi originale trebjelkar og ein vedomn av uviss dato. På veggen heng eit innramma svart/kvitt foto, teke nede ved bygdevegen sommaren 1923/24. 12 alvorsame blikk myser mot oss frå papiret.
– Det er ein del av familien som budde her. Dei to ...,
Reidar peikar på to kvinner kledd i kvitt;
– ... hugsar eg så vidt. Eg var om lag seks år gammal då dei flytta. Systera mi hugsar dei nok betre, for ho er sju år eldre enn meg. Eg kan høyre med ho om ho vil snakke med deg, seier han.
Det vil eg gjerne. Men dei grove trekka i historia bak huset finn eg i eit par bøker på bordet i den vesle stova. Den eine er Herøyboka. Den andre er skriven av Reidar sin bror, Per Myrvågnes, som ikkje lever lenger. Han var nemleg lokalhistorikar.
– Han var los og hadde fri halve året. Tida brukte han mellom anna på å granske slekta. Han har vore veldig grundig i arbeidet med å finne dei rette kjeldene og opplysningane, seier Reidar.
Derfrå har vi byrjinga på historia om Nesgjerdet.
Året er 1872. Jakob Jakobsen Klungsøyr, kona Ragnhild, og dei to barna, Jakob og Olav, kjem til Nesgjerdet etter å ha budd nokre år i Gjerdsvika. Jakob har inngått husmannskontrakt med Hans Larsen Myrvågnes (Reidar sin farfar), om at Jakob og kona skal få rå over utmarkstykket «Gjerdet kaldet» på livstid.
Jakob set først opp hus og deretter fjøs og løe. «Alt saman av eldre årgang. Løda fekk i 1880 eit tilbygg av material han fekk hand om frå auksjonen etter Ole Pedersen Myrvågnes i 1876.
Stova vart som alt anna frakta sjøvegen og det er sagt at han fekk ungdomane i bygda til å bere opp materialen og tømmeret mot at dei fekk danse i stova når den var ferdig. Det er usikkert kvar stova kom ifrå. Om det var frå Gjerdsvika der dei budde før eller frå Stranda, der far til Jakob var ifrå (arvegods?). Det siste er at den skal ha kome frå Flåvær (Varholmen). Den tømra delen av stova er iallfall svært gamal og har opphavleg truleg vore røykstove.» (frå boka til Per Myrvågnes)
Jakob ryddar mesteparten av stykket utmark og gjerdar det inn. Familien held to kyr og nokre sauer.
Jakob og Ragnhild sitt tredje barn, Anna Pauline Gurine Myrvågnes vert fødd om hausten, same år som dei kjem til Nesgjerdet. Systera (Petra) Sevrine kjem til verda eitt og eit halvt år seinare. Dei to skal kome til å bu i huset også store delar av sitt vaksne liv.
I løpet av dei neste 12 åra føder Ragnhild seks ungar til, men tre av dei døyr som barn.
Då foreldra vert gamle, flyttar Anna og Sevrine heim og steller for dei. Det inneber også daglege gjeremål som å gjete kyr, spa torv, spinne ull, lage kle, og alt anna som er naudsynt for å leve på denne tida.
Søstrene held fram med å bu i huset også etter at foreldra døyr; Jakob i 1924, 86 år gammal, og Ragnhild i 1937, nær 93 år gammal.
Reidar si storesyster (og historikaren Per Myrvågnes si tvillingsyster), Bjørg Karin Hasund (78) er på tråden. Ho fortel om minne frå Nesgjerdstova, som var hennar nærmaste nabo i barndomsåra.
– Vi hadde god kontakt med Anna og Sevrine då vi var barn. Vi brukte å plukke bær i hagen deira, og så fekk vi kome inn til dei og få pikekyss (marengstopper, red. anm.). Anna var veldig utadvent, og på sine eldre dagar sat ho ofte nede hos mora mi og snakka. Ho fortalde mellom anna om barndomen sin. Dei hadde det ikkje så greitt den tida. Dei var mange barn, og det vart fortalt at då ungane var ferdig med kveldsmaten, var gryta tom, og så gjekk mora ut og gret, seier Bjørg.
– Både eg og broren min, som har skrive boka om Nesgjerdet, har berre gode minne om Anna og Sevrine.
Vi avsluttar samtalen. Men etter nokre timar ringjer Bjørg opp igjen.
– Eg snakka med kusina mi, Inger Voldstad, som også budde på Myrvågneset. Vi vart sitjande og mimre, og ho hugsar fleire detaljar enn meg, seier ho.
Vi har Inger Voldstad på tråden. Ho og storesystera har sete og snakka om oppvekståra. Med deira minne, byrjar det å teikne seg eit tydelegare bilde av Jakob, men endå meir av dei to eldste døtrene, Anna og Sevrine.
Frå Herøyboka veit vi at faren i huset, Jakob, var mykje nytta som kjøkemeister, og han var flink til å spele fele. Men Inger kan fortelje at han også skal ha vore ein dyktig historieforteljar.
– Han laga eventyr om «Stevling» som budde i fjellformasjonen Dyrkirka. Ved sida av budde «Lurk», i «Lille Dyrkirka». Dei forteljingane fekk vi høyre som barn, seier Inger.
Ho har, til liks med Bjørg, mange gode barndomsminne om Anna og Sevrine.
– Då foreldra deira vart gamle og skrøpelege flytta søstrene heim og stelte for dei. Eg hugsar Sevrine som ein litt stille type, lita og tynn. Ho sydde for folk i bygda. Det var populært blant oss ungane, for då møtte vi opp i stova der og fekk lappar som vi brukte til dokkekle. Og så vanka der som regel «Pikekyss». Vi var alltid velkomne i den heimen, seier Inger.
Ho ser framleis for seg den tronge stova.
– Ved sida av kjøkenbordet stod ein benk, men det var nesten ikkje plass til å sitje på den, for der var rada opp med misjonsblad; «Samenes Venn» (organ for Norges samemisjon, red. anm.).
Nokre av minna til Inger og storesystera handlar om historier som Anna sjølv fortalde frå sin barndom.
– Ho var tidleg ute og tente. Systera mi meiner at ho berre var fem år då ho byrja å gjete på ein gard på Jøsok, men Bjørg (Hasund, red. anm.) trur ho må ha vore sju. Uansett måtte ho tidleg ut. Anna fortalde om korleis ho fraus, for ho hadde ikkje råd til sko, fortel Inger.
– Så vaks ho til, og ho reiste vekk ei stund. Då skal ho ha kome i kontakt med viktige personar. Det vart sagt at ein av dei var Ole Bull. Anna var nok godt likt, for ho var livleg og frisk i replikken.
Anna har vore i «Myrane» og spadd torv. Ho går med fangsten i ei trillebår, då ho treff på læraren i bygda.
– Det er forskjell på folk, seier han.
– Ja, svarer Anna kjapt;
– Nokre har torv og andre ikkje. (Gjenfortalt av Inger Volstad)
Verken Anna eller Sevrine vert gifte, men dei er slett ingen einstøingar. Dei bidreg til samfunnet på kvar sin måte.
– Anna hjelpte til i heimane då det var fødslar rundt på gardane. Faktisk vart eg fortalt at ho var der då eg kom til verda, for det var så vanskeleg å få tak i jordmora, seier Inger.
Systera hennar har dessutan fortalt at Anna brukte å gå rundt på gardane og bake lefser og flatbrød til folk.
– Og ho samla inn tomme medisinglas i bygda, som ho gjekk til Ulsteinvik med og fekk pant for, seier Inger.
Anna hadde ei kråke, som brukte å kome til ho for å få mat. «Kari, Kari Krukke, kom så skal du få plukke!», ropte ho.
– Både systera mi og eg hugsar godt den regla, seier Inger.
Det er kjekt å mimre, synst søstrene. Dei hugsar godt pikekyssa, som Bjørg fortalde om, og som gjerne venta på dei hos dei kjekke, gamle tausene i Nesgjerdstova.
– Anna og Sevrine var veldig snille og barnekjære. Dei var godt integrerte, og det var sette pris på av folk i bygda, seier Inger.
I 1952 flyttar dei to damene frå Nesgjerdet. Dei er blitt gamle og greier ikkje å bu der lenger. Deira nærmaste nabo og eigaren av garden, Alfred Myrvågnes, tek over huset.
Anna døyr året etter, nær 81 år gammal. Sevrine døyr i 9. mars 1957, nær 83 år gammal.
Etter at dei to gamle søstrene flytta ut av Nesgjerdstova, har det stått ubebudd, men slett ikkje tomt. Alfred Myrvågnes, og Reidar, som fekk skøyte på Nesgjerdet i 1988, har teke vare på den vesle kulturarven. I dag står innsida nesten fram som eit lite museum, med sine originale takbjelkar, Sevrine sin flittig brukte rokk, og gamle eller heimelaga møblar og rekvisittar. Med kjærleik og pleie, også frå dei neste generasjonar, kan det vesle huset bli ståande i mange, mange år til.