Med smil om munnen las eg referatet på siste formannskapsmøte der underteikna vart åleine i kritikken mot rådmannen. Referenten kjem lite inn på saka si kjerne. Nemleg: Kommunestyret vedtok den 29.09.2016 ny leiarstruktur. Fram til denne dato, stod tittelen assisterande rådmann på organisasjonskartet, men stillinga var vakant, assisterande rådmann rykte opp til rådmann. Etter denne dato, kom ei omorganisering, injisert av rådmannen sjølv, som ønskte ein flatare struktur. Etter kommunestyrevedtak skal Herøy kommune ha ein rådmann som har 4 kommunalsjefar under seg. Merk, det er kommunestyret som har vedteke dette.
Så sluttar ein av kommunalsjefane, og går over i ny stilling i annan kommune. Stilling som kommunalsjef for samfunnsutvikling vert utlyst. Både ein og to gonger. Ei slik offentleg stillingsannonse er bindande for begge partar, etter det eg har sett og forstått.
Men her trår rådmannen feil når han skriv avtale. I avtalen med den tilsette, heiter det no plutseleg «assisterande rådmann». Det er ei stilling som vart avskaffa av kommunestyret den 29.09.16. Likevel, utan å kome til politikarane med dette, braut altså rådmannen kommunestyrevedtaket på at det skal vere 4 kommunalsjefar.
Rådmannen har på ein finurleg måte prøvd etter beste evne å gje inntrykk av at han har tilsett ny «kommunalsjef/assisterande rådmann», men heller ikkje det held vatn. I avtalen er ikkje «kommunalsjef» nemnd, berre «assisterande rådmann». Eg held meg til skriven avtale, det er den som gjeld, då den er underskriven av begge partar. Den avslutta kommunalsjefen var rett nok stadfortredar for rådmannen når han av ymse grunnar var borte, men vart aldri titulert som assisterande rådmann. Hadde den nytilsette fått same avtale, hadde alt vore greitt, og oppfylt kommunestyret sitt vedtak.
Vidare kan ein sjølvsagt diskutere om rådmannen kan legge eit kommunestyrevedtak til sides og gjere som han vil når øvste organ har gjort vedtak. Rådmannen har faktisk plikt til å følgje opp vedtak gjort av kommunestyret. Det var på denne bakgrunn eg indignert sa at rådmannen styrer kommunen som eit enkeltmannsføretak. At dei andre partia synest det er heilt greitt, får vere deira sak. Og kva med neste gong? Når kommunestyret har vedteke ei kraftig nedskjering av utgifter, det må sparast og snuast på kvar ei krone, då passar det seg dårleg å gje svært gode avtalar til enkelte. Dette sett på bakgrunn av at administrasjonen i Herøy brukar 7 millionar kroner meir enn kostragruppe 8, som Herøy vert samanlikna med. Det har også med lojalitet til fatta vedtak å gjere. Som øvste kommunal leiar bør han vere eit godt føredøme. Kan kort i stikkords form minne om Herøy kommune sine etiske prinsipp som er: Lojalitet, objektivitet, redelegheit og ærlegdom, ansvarlegdom og respekt, openheit.
Så fekk Folkelista tyn fordi dei går ut i pressa og driv politikk. Det har alle politikarar fullt høve til, det er ein del av politikkens liv. Det vert eit underleg politisk liv dersom politikarane ikkje skal nytte pressa for å nå fram til veljarane med sine synspunkt.
Ynskjer alle ein flott dag!