I lengre tid har Herøy kommune hatt som strategi å halde stillingar vakante så lenge det er forsvarleg.

Men førre veke gjekk eit samrøystes kommunestyre inn for at dette ikkje lenger skal vere eit krav.

Leiaren for maritim og teknisk komite, Idar Tarberg (H), fortalde at komiteen hadde hatt ein grundig diskusjon om stillingane. Dei var spesielt uroa for situasjonen i sektor samfunnsutvikling.

– Per i dag er det berre ein sakshandsamar til å styre med byggesaker. Det seier seg sjølv at det er umogleg for ein person å klare. Det er viktig at folk får behandla det dei søker om, sa Tarberg.