– Eg trudde vi hadde ein god dialog med direktoratet, sa Stig Arne Sævik.

Han kjende på at den grundige høyringsprosessen har vore noko fånyttes når kommunen sitt syn ikkje blir lagt vekt på i det heile.

Kommunstyret har tidlegare bede om at ingen av dei tretten fiskerihamnene i Herøy måtte bli avhenda. Likevel har Kystverket bestemt seg for å legge ned Bøvågen, Sandebukta, Kopperstad, Skorpa og Runde og går i gang med taksering av hamnene med tanke på sal.

I formannskapet blei det sterkt understreka at det offentlege på ein eller annan måte må ha ansvaret for hamnene vidare også. Eller som Bjarne Kvalsvik uttrykte seg:

– Kva slags baluba vil det vel ikkje bli på Runde om private skal inn og kjøpe sjølve livsnerven til Rundesamfunnet. Kommunen må i alle fall inn og ta ei sterk styring, slo Kvalsvik fast.

Kommunalsjef Jarl Martin Møller såg føre seg å starte ei drøfting av saka i Maritim og teknisk komite.