Torsdag samla næringslivsaktørar seg på Thon Hotel Fosnavåg for den årlege utgåva av Fosnavågkonferansen. 12 forelesarar stod på talarstolen i løpet av dagen, der Vestlandsnytt fekk med seg dei tre siste av desse.

– Enorme moglegheiter

Forelesaren som starta siste bolk var direktør for sol og vind i Norwegian Energy Partners, Jon Dugstad. Det er eit selskap som marknadsfører norske energiløysingar internasjonalt – både innan olje/gass og vindkraft. Ovanfor forsamlinga spara ikkje Dugstad på lovorda om ein bransje han ser store moglegheiter i.

– Det er spådd ein kraftig vekst innan havvind dei neste tiåra. Dei samla investeringane i havvind er venta å nå 350 milliardar dollar innan 2030, og 1.470 milliardar dollar innan 2050. For Noreg sin del ser vi ein marknad på 1.600 milliardar kroner framover dei neste fem åra til 2023. Årleg snakkar vi om 300 til 380 milliardar kroner i 2023, sa ein optimistisk Dugstad.

Grunnen til at havvind er eit attraktivt satsingsområde er fordi det stadig kjem ny teknologi på bana som gjer denne energien konkurransedyktig med landbasert vindkraft og andre fornybare energikjelder. Ein forventar at kapasiteten innan havvind vil auke til 128.000 megawatt i 2030 og 521.000 megawatt i 2050.

– Dessutan ser vi stadig meir motstand for den landbaserte vindkrafta, sa han.

Dugstad seier at norske aktørar sine erfaringar med blant anna marine operasjonar, måling av vêr og bølgjer og drift av anlegg til havs kan gi næringsmoglegheiter for norske selskap.

– Her er ei enorm moglegheit for Noreg, berre avgrensa av vår eiga evne til å forstå og utnytte den, avslutta han.

Gode år framover for offshore

Etter ein leksjon i havvind, pendla tematikken over i meir kjente farvatn då Magnus Kjemphol Lohne i Rystad Energy tok til orde for norsk olje og gassverksemd. Han lanserte det som må omtalast som ein lysande prognose for delar av offshorefartøy-marknaden framover mot 2023.

– Våre prognosar tilseier at botnen investeringar i oljeutvinning til havs blei passert i 2018, og at vi vil sjå ei sterk auke framover mot 2023, sa Lohne.

Han utdjupa deira prognosar med å forklare at oljeselskapa no har rekordhøg kontantstraum, og at etterspurnaden har eit sterkt behov for å finne og utvikle nye oljefelt.

– Vi trur det blir seks prosent i investeringar og drift av oljeproduksjon til havs.

Det er spesielt segmenta på djupt vatn som kjem til å auke mest framover. Kostnadsfallet i oljeutvinninga har nemleg ført til at offshore olje er blitt konkurransedyktig med skiferoljeproduksjonen. Det gir Rystad Energy grunn til å meine at etterspurnaden etter konstruksjonsskip vil auke.

– Vi trur etterspurnaden vil vere rekordhøg i 2022. Etterspurnaden vil auke sju prosent årleg frå 2018 til 2022, sa Lohne.

Oljeprisen vil elles ligge mellom 60 og 75 dollar fatet dei neste fire åra, lyder spådomen, der oljeprisen truleg vil vere høgast i 2020.

Havyard med hydrogenprosjekt

Mot slutten av konferansen heldt Kristian Osnes og Kristian Steinsvik innlegg på vegner av Havyard. Dei presenterte sine framtidsplanar, og spesielt deira prosjekt med å kombinere batteri og hydrogenbrenselceller, FreeCOAST. Eit prosjekt som vil kunne gjere at Havila Kystruten vil kunne segle store delar av si rute utsleppsfritt.

– Anbod i dag får berre sterkare og sterkare krav ved seg med tanke på utslepp, både frå nasjonale og internasjonale styresmakter. Vi er difor nøydde til å ta i bruk ny teknologi for å oppnå nødvendig reduksjon av utslepp frå skipsfarten. Med Havila Kystruten og støtte frå Pilot-E som tek vi no steg i denne retninga av å levere slik teknologi, sa dei to.