– Eg synest det er skuffande at Sande kommune ikkje steller rundt vegane sine. I tillegg er det også trafikkfarleg, seier Bjarne Strømsnes.

Sandsøyingen lurer på korleis det skal ende viss det går fleire år mellom kvar gong det vert teke eit tak langs dei smale kommunevegane.

150 år tilbake i tid?

– Det er ikkje berre gras som veks fram, men store busker og tre. I skikkeleg gamle dagar, for om lag 150 år sidan, var det slik at gardane hadde ansvaret for vedlikehaldet av vegane som gjekk over sine eigedomar. Er det slik kommunen ynskjer at det skal verte? Skal vi gå tilbake til den tida? spør Strømsnes.

Han seier kommunevegane er så smale at bilane må køyre ut av vegkanten når dei møter andre.

– Det blir vanskeleg når det veks store tre langs vegane.

Nok blomster til biene

I fjor fekk spørsmålet om kantslått også eit miljøaspekt rundt seg. Det er mykje humler og bier som nyttar blomane i vegkanten, og manglande kantslått kan difor vere eit positivt trekk, meiner mange.

Strømsnes meiner på si side at det er plenty med blomster i vegetasjonen elles, og synest ikkje dette er eit gangbart argument.

– Politisk vedtak

Teknisk sjef Kjell Martin Vikene slår fast at den manglande kantslåtten er resultat av eit politisk vedtak.

– Årsaka er kommunen sin Robek-status, og at vi er pålagde å spare der vi kan. Så dette er noko kommunestyret har velsigna, seier Vikene.

Han har likevel forståing for at det kjem reaksjonar på at det fleire stadar ikkje har vore slått langs kommunevegane på fleire år. Han ser også at meir gjengroing heilt inn til vegen kan gå på trafikksikkerheita laust.

– Om det ikkje blir kantslått i år, så kan det kome ei betre ordning etter kvart. I samband med innkjøp av ny kommunetraktor vil vi vurdere å kjøpe inn utstyr også til kantslått, slik at vi kan utføre dette i eigen regi. Men det vil tidlegast kunne gjennomførast frå og med 2020, seier Vikene.

Han legg til at det langs nokre få av dei mest utsette kommunevegane vart gjennomført kantslått i fjor haust.