Fosnavåg Kino har no hatt den indiske filmen The Lunch box, som i fylgje nettsida imdb er om ei ung dame og ein gammal mann som sender lappar til kvarandre i ei matboks, og skaper ein fantasi ut av det. Skal det vere spennande? Bjørn Holum meinte det var ei filmperle. Irrfan Khan frå filmatiseringa av Dan Brown sin roman Inferno, er i ei av rollene. Han har fått mange prisar for rolla i denne filmen, som har fått mange prisar og nominasjonar.
Ut i frå fotografiet i Vestlandsnytt 22.juni, så var det laga til nokre og 40 plassar i konsertsalen til den film med middag-framsyninga, så det såg ikkje ut som om kinoen forventa storinnrykk. Det var eit godt vakse publikum som møtte fram, og sjølvsagt bør kinoen ha noko for alle. Eg er einig med Guri Aasen i at det vert eit breiare kulturtilbod når ein også har smale filmar av og til, og ikkje berre dei kommersielle filmane.
No er kinoen offentleg eigd. Noko anna hadde det vore dersom det var privat kino, som ville gå konkurs, dersom det var underskot på drifta. I si tid sette eg fram framlegg i kommunestyret om at kinoen i Herøy skulle vere driven privat, men fleirtalet ville at kommunen skulle eige kinoen.
Bjørn Holum seier i fylgje avisa at «denne og liknande filmar på fagspråket vert rekna som kvalitetsfilm. Det er filmar som går litt forbi radaren til folk, men som haustar stor entusiasme i industrien og får ofte filmprisane».
At det er slike sære filmar som ofte får filmprisane for beste film, er eit faktum. Men er det gode filmar? At kritikarane likar desse filmane seier mest om dei. Ein kan ikkje seie noko generelt om kva som er god og dårleg kultur. Det som er god kultur er opp til kvar enkelt person å vurdere for seg, og for dei fleste vil ikkje denne matboksfilmen vere ein film med høg kvalitet. 3. august klokka 21.00 har Mission Impossible 6 noregspremiere. Då er det sikkert eit anna publikum som møter opp. For det publikummet har denne actionfilmen med Tom Cruise større kulturell kvalitet enn ein film om ei indisk matboks.
Ja til at kinoen også skal sende sære, smale filmar som nesten ingen vil sjå, men skal kinoen gå med overskot kan det ikkje vere for mykje slikt. Hovudregelen må vere å sende filmar som ein tener på. At folk ikkje får med seg indiske filmar kan det vere mange grunnar til. Ein grunn er, at folk ikkje har interesse av å sjå dei. Altså at det ikkje er kvalitet for dei. Ein filmklubb med smal film treff nok eit visst publikum, men viss ein reknar med full sal på slikt, så får eg avslutte med eit sitat frå Peer Gynt: «Se det fikk Fanden fordi han var dum, og ikke beregnet sitt publikum».
Magnar Storøy