"Arne var påliteleg til fingerspissane, presis som ei klokke og på talefot med alle"
I meir enn femti år arbeidde Arne Arnesen som ærendsgut og bybod for forretningar og kontor i Fosnavåg. Regn, snø og vind var inga hindring for Arne. Han var påliteleg til fingerspissane, presis som ei klokka og på talefot med alle. Arne var ein ekte humørspreiar.
HARALD THORSETH
ALLTID LIKE BLID: Det å gjere si daglege plikt var ein viktig leveregel for Arne Arnesen. Regn, snø og vind var inga hindring. Då Arne fylte 65, i desember 1994, vart han utnemnd til æresmedlem i den lokale handelsforeininga. Arne sette svært stor pris på denne utmerkinga.