Det blei utfallet då formannskapet hadde oppe tilskotssøknaden frå eigarstyret, ein søknad som rådmannen i utgangspunktet hadde frårådd.

Eigarstyret har bede om eit fast årleg driftstilskot på 77.000 kroner, noko kulturkomiteen har tilrådd imøtekome så langt råd er gjennom omprioritering.

Prisverdig

Formannskapet ville applaudere den store dugnadsinnsatsen som er nedlagt slik at jekta er komen i drift igjen. Dette må kommunen støtte opp om med pengar, og slik formannskapet ser det må kulturkomiteen greie å finne dei omsøkte pengane utan at det går ut over summen som er avsett til trivselstiltak på bygdene.

– Desse tiltaka må ikkje settast opp imot kvarandre, oppmoda Solveig Båtsvik (Frp).

Ein liten sum for kommunen, men eit viktig bidrag til den frivillige innsatsen, blei det sagt i formannskapet.