– Dette er eigentleg eit heilt unikt produkt. Det er berre Leinebris som har utstyret til å lage slike filetar, forklarar Paul Harald Leinebø.

Dette seier han om den nye filetpakken som blir å finne på Meny Fosnavåg frå og med i dag.

Så fersk som ein får den

Kort fortalt er produktet linefiska torsk og hyse som er fryst enkeltvis i tokilos kartongar. Den er ferdig filetert, skinn og beinfri, klar til å bli hivd rett på steike- eller i kokepanna.

– Det som gjer den unik er at den er behandla, singel-fryst og pakka rett etter den er teken frå lina. Den er fryst etter berre to timar, forklarar Leinebø.

Det handlar også om å gjere fiskemiddagar lettare for folk som ikkje er vane med fisk, blir Vestlandsnytt fortalt.

Lokalpatriot

– Produktet blir i fyrste omgang no levert som eit prøveparti eksklusivt for folk her ute. Vi er sopass heimekjære. Det er her vi høyrer heime og det er det lokale vi kjemper for, forklarar Leinebø.

Han legg så til at han sjølvsagt håpar produktet kan slå an utanfor landegrensene også.