Markeringa skulle vere ved Fiskarkona i Fosnavåg, men har vorte flytta inn i kyrkja grunna det kalde og sure vêret.

Fredag er det eit år sidan krigen i Ukraina byrja. I Herøy vert det markering, og Den ukrainske foreininga i Norge håpar mange vil kome og vise si støtte.

Under markeringa er det mellom anna varsla appell får soknepresten, og fungerande ordførar vi også seie nokre ord. Nokon av dei ukrainske flyktningane som har kome det siste året vil fortelje historier, og bidra med song.