Arealet vil kunne dekkje behovet for steinuttak og deponi i ei tid framover. Etter steinuttaket, vil arealet kunne nyttast til næringstomter, skriv rådmann Olaus-Jon Kopperstad om saka.

Han gav på førehand tommel opp til kjøpet, og viste til at masseuttaket på Mjølstaneset no går mot slutten, og at kvaliteten på restmassane her er dårleg. Difor ville rådmannen lytte til innspela frå entreprenørane, som har meldt om behov for nye område for uttak av steinmassar og deponi av lausmassar i kommunen.

Kjøpet blir finansiert av potten for strategiske grunnkjøp, ein konto der Herøy kommune før kjøpet av Erling Johan Dragsund si tomt hadde 15.850.000 kroner.

Det aktuelle arealet er ein del av eit større område som er sett av til næringsføremål i kommuneplanen. Området er å finne på sørsida av fylkesvegen i Myrvåg.

Det var eit svært positivt kommunestyre som samrøystes gjekk inn for kjøpet. Spesielt ordførar Arnulf Goksøyr (H) og Per Kristian Furø (Ap) var ivrige.

– Målsettinga er at vi skal sikre oss eit steinuttak i området, slik at vi kan sikre utviklinga. Men vi vil også legge til rette for nytt areal, kommenterte ordføraren.

– Må sjå alt i ein samanheng

Furø var på si side glad for at kjøpet endeleg kunne gjennomførast, men meinte samtidig at det var nødvendig å tenkje større.

– Eg forventar at kommunen held fram forhandlingane med alle dei andre grunneigarane. Vi må sikre heile arealet, og sjå alt i ein samanheng, sa Furø.

Rådmann Kopperstad gjekk deretter på talarstolen. Han sa seg meir eller mindre samd med Furø.

– Det er berekna massebalanse på heile området inntil Kjeldsundvegen, medan det som vi kjøper er eit avgrensa område. Det som er sagt frå sektor samfunnsutvikling er at skal vi ha noko overskotsmasse så krev det at vi kjøper alt arealet, og at ein får ta ut masse frå heile området, sa rådmannen.

Han meinte det også kunne bli vanskeleg å få etablert ei avkøyrsleløysing innanfor området kommunen kjøper frå Dragsund.

– Trur det vil vere rett

Ordførar Goksøyr presiserte deretter at om rådmannen skal gå i forhandlingar om å kjøpe meir grunn, må kommunestyret gi han eit oppdrag om å gjere det.

– Eg trur det vil vere rett, så eg kan godt fremje forslaget. Det rådmannen seier er at verdien på tomta ikkje er fullstendig før ein har regulert området, og sikra ein tilkomstveg til området, sa Goksøyr.

– Eg meiner at vi skal be rådmannen om å gå i forhandlingar, slik at vi kan sikre grunnen til industriområde, la Furø til.

Duoen fekk ikkje uventa med seg heile kommunestyret, og dermed kan det bli fleire strategiske grunnkjøp i Myrvåg for Herøy kommune framover.

Vil ikkje kjøpe Andersen si tomt

Kjell Runde (Folkelista) var sjølvsagt også glad for at kommunen no vil investere i Myrvåg-området. Han nytta samtidig høve til å stille spørsmål rundt kommunen sine planar for ei anna tomt i Myrvågane.

– Eg håper kommunen kan gi grunneigar Andersen svar på om dei vil kjøpe, og kor mykje dei vil kjøpe. Det er etterlyst svar på eit spørsmål til kommunen, sa Runde.

Ordførar Goksøyr hevda derimot at eit kjøp av tomta til Arnstein Andersen aldri har vore tema.

– Eg trur aldri vi har hatt diskusjonar om vi skal kjøpe ei tomt med Andersen. Eg trur historia er at dei søkte om å få starte reguleringsarbeid på eiga tomt, men kommunen sa nei, fordi dette må sjåast i heilskap med den tomta kommunen no kjøper, og heile området bort til Dragsund/Kjeldsund-skiftet, kommenterte Goksøyr.