– Dette skal bli sjukt bra. Det blir ein dag av, for og med ungdom.

Det er beskjeden frå Herøy ungdomsråd til alle mellom 13 og 19 år i forkant av helgas festlege tilstelling. Laurdag (1. september) er det nemleg tid for årets ungdomsfestival i Herøy, UNGfestival 2018.

Både på dagtid og kveldstid

Dei siste åra har ungdomsfestivalane for det meste bestått av konsertarrangement på kveldstid. I år har derimot Herøy ungdomsråd, i samarbeid med MOT, Herøy LAN og fritidsklubben skrudd opp ambisjonsnivået eit hakk og bestemt seg for å ha arrangement også tidlegare på dagen.

– Nytt av året er at vi kjem til å ha aktivitetar og standar i Herøyhallen på dagtid, forklarar Maria Sævik, representant for ungdomsrådet.

– Det blir som ein messe for ungdom. Vi jobbar med å få på plass bedrifter og organisasjonar som ungdom kan relatere seg til. Vi har for eksempel fått med oss Bass Brothers som skal sørge for at det blir god dirring i lokala, legg Sigve Storøy Hermansen til og smiler.

I tillegg blir det aktivitetar som for eksempel Herøy LAN sine velpromoterte bumperballs, reklamerer dei to.

Lokale og nasjonale artistar

Tradisjon tru er det også sjølvsagt konsertar på kveldstid. På årets program finn vi mellom anna større norske namn som Cir. Cuz, Lisa Uhlen, Turab og Mads Veslelia. Dette er artistar arrangørane er svært nøgde med å ha fått booka.

I tillegg blir det også innslag med dei lokale banda Sjøverk og Ufokusert.

– Vi er glade for å kunne løfte fram våre eigne talent i lag med dei større norske artistane, fortel ungdomsrådet.

Trygt og sosialt

Arrangørane lovar at det heile skal vere eit trygt og inkluderande arrangement.

– Vi vil vere der å gjere vårt beste for at alle saman skal føle seg sett. Alle skal få ei sosial og kjekk oppleving, fortel Oline Gjerdsbakk og Synne Aasen. Dei er to av dei unge MOTivatorane som skal vere på arrangementet for å forsikre seg om at dei deltakande har det bra.

Elles håpar dei fleire vil ta turen til den opne messa på dagtid og delta på konsertane på kveldstid.