– Derimot er det ein enorm glede å kunne spreie kunnskap på denne måten, seier Hallvard Eide.

Tysdag overleverte stein-spesialisten frå Ørskog 100 prøvar av mineral han har funne i Herøy til geodataingeniør Espen Bergø i Herøy kommune. Halvparten vert stilt ut i ein monter framfor servicetorget på Herøy rådhus. Den andre halvparten skal bli stilt ut på Thon Hotel Fosnavåg.

– Eg ville eigentleg gi vekk 200 steinar, men så mange ville dei ikkje ha, seier Hallvard, og smiler litt.

– Jau, men så mykje hadde vi ikkje plass til, skundar Espen seg å seie.

Saman går dei to, og Hallvard si kone, Sølvi, igang med å sortere steinane i ulike konvoluttar, merka med steinnamn og kva for plass dei er funne. Men før minerala vert pakka inn, syter kommunen sin informasjonsmedarbeidar, Thomas Sporsheim, for å knipse bilde av kvar einaste stein.

Får eiga nettside

Bilda skal bli lagte ut på ein eigen nattstad, der folk kan finne informasjon om alle dei ulike sortane. Saman med kvart bilde, skal ein finne spennande informasjon om steintypane og kvar i lokalmiljøet dei er funne.

– Eg håper å ha nettsida klar før fellesferien byrjar. Den vert tilgjengeleg via kommunen sine hemeisider, seier Espen.

– No skal vel alle ut på skattejakt...

Sølvi svarer:

– Det håper vi...

Vil lage «Geologiens dag»

Hallvard har, saman med Norsk geologisk forening, vore med å arrangere Geologiens fleire plassar.

– Etter kvart vil eg også prøve å få det til i Fosnavåg, seier han