-Budaneset har selt godt tidlegare, og vi trur det vil vere god interesse for dette prosjektet også, seier Thoresen.

Medan hytteprosjektet med 28 hytter blei realisert ilag med kompanjongen Nils Erik Skeide, tek Thoresen leilegheitsutbygginga i eigen regi. Denne gongen er det anleggsfirmaet Bakke og Kleppe, med Joar Brekke Dimmen og Svein Kleppe, han har med seg på laget. Dei er klare til å starte grunnarbeidet så snart løyve ligg føre frå kommunen.

-Om alt går etter planen vil vi starte med grunnarbeidet no med det fyrste. Då kan bygginga kome i gang i løpet av sommaren, seier han.

Heile prosjektet omfattar fire leilegheitsbygg i tre etasjar, med seks leilegheiter i kvart bygg. Søknaden i denne omgangen gjeld to av bygga med til saman 12 leilegheiter. Prosjektet er ferdig regulert som Budaneset fase to. Thoresen opplyser at salsprospektet skal vere klart til påske.

Heile landet

-Vi har registrert interesse for prosjektet tidlegare, og ser føre oss ein marknad for slike leilegheiter både innafor regionen og andre plassar, seier han.

Optimismen og trua på prosjektet er mellom anna basert på ein del følarar dei har hatt ute i den aktuelle marknaden

I tillegg til den regionale marknaden ser Thoresen utflytta sunnmøringar som den mest aktuelle kundegruppa. Her er det nok mange som kunne ha tenkt seg ein slik ferieplass, men kanskje synest at ei hytte blir for stort.

Ei leilegheit i eit kompleks har òg ein fordel med å vere ein del av eit fellesskap som tek seg av tilsyn og vedlikehald når ikkje eigaren sjølv er til stades.

-Marknaden er eigentleg heile landet, men mellom dei som har kjøpt hytte på Budaneset er det veldig mange frå Ørsta- og Volda-området, seier han.

Difor trur han desse leilegheitene på 70 kvadratmeter, med tre soverom og småbåthamn rett utfor døra, vil gjere dette til eit attraktivt og lettselt produkt.

Men med ei så omfattande investering må likevel eit visst førehandssal vere på plass før dei kan gå i gang med utbygginga.

-Det har eg god tru på at vi skal greie, seier Thoresen.

LEILEGHEITER: Ei leilegheit i eit feriehuskompleks vil vere eit godt alternativ for folk som synest ei hytte blir for mykje. Slike tilbod finst det ikkje mange av frå før i regionen. Foto: Jann Flatval