Det seier leiar i samferdselsutvalet i Møre og Romsdal, Kristin Sørheim.

Før helga var ho på tur til Larsnes, der ho vart orienterte om ei spesiell sak: Ferjesambandet Larsnes–Åram–Voksa–Kvamsøya.

Skal opp som eiga sak

Eit samrøystes samferdselsutval nyleg at dei vil ha opp ei eiga sak om firkantsambandet i Sande. Grunnen er todelt:

For det første ligg det føre ein rapport som fortel om til dels kritiske manglar ved ferjekaiene.

For det andre har Norled varsla at dei, med nokre tilpassingar på ferjekaiene, kan setje inn den relativt nye ferja «Utne» i sambandet frå nyttår. I dag trafikkerer som kjent 1977-modellen «Kvam» firkantsambandet.

Kostnadene ligg der uansett

Til stades under seansen på Larsnes var også rådmann Trond Arne Aglen. Han streka under at det å få ei rask og god løysing på Larsnes-sambandet uansett ikkje genererer ekstrakostnader.

– Arbeidet må likevel gjerast, og no har vi frå fagleg hald fått informasjon om alarmerande tilstand spesielt på éi ferjekai, sa Aglen.

Sørheim var ikkje usamd med rådmannen. Ho slo fast at årsaka til at Larsnes-sambandet skal opp som eiga sak, er at ein vil rekne meir på kostnad og sjå på moglegheitene som ligg der.

– Eitt spørsmål er om fylkeskommunen kan nytte seg av opsjonen på sambandet, slik at ein tek det mest nødvendige av utbetringar på kaiene no, slik at ein samstundes også får nytte høvet til å setje inn ei nyare ferje. Det er avgjort ein interessant tanke, sa Sørheim.

Voksa er kritisk dårleg

Lokal Sp-politikar Mathias B. Gjerde kjenner saka veldig godt, ikkje berre i kraft av jobben som styrmann på dette sambandet. På fritida har han også undersøkt kva tiltak som trengst på dei fire kaiene.

– Det er Voksa som er kritisk. Her er det rett og slett skremmande dårleg kvalitet på kaia, så her trengst det ein rask innsats, slo Gjerde fast. Elles er det snakk om berre mindre utbetringar ei av dei andre ferjekaiene, for at «Utne» skal kunne passe i sambandet, varsla Gjerde.

Sp lokalt framheva også det lokale næringslivet, med Brimer og Sandefisk i spissen. Dei er totalt avhengige av eit velfungerande og framtidsretta ferjetilbod. Også i turistsamanheng vil ei universelt forma ut og ny ferje vere eit kjempesprang, samanlikna med 42-åringen som trafikkerer sambandet i dag.

Safast-tilhengar

Elles varsla Kristin Sørheim at det framleis er planar om to ferjer i sambandet når den nye kontraktsperioden kjem. Og om nokon var i tvil:

– At vi prioriterer ferjene betyr sjølvsagt ikkje at vi gløymer Sande Fastlandssamband. Eg ser at Safast framleis har eit stykke att før selskapet er heilt sjølvfinansierande. Men vi har tru på også det prosjektet, og ser fram til eit snarleg møte med Sande Fastlandssambamnd, avsluttar Kristin Sørheim.