– Ferjekaier kan vere i fare for å kollapse, med dei utfordringane det kan medføre, skriv Tøsse i ein e-post til samferdselssjefen.

Tøsse minner om at Norled vil setje inn ei relativt ny ferje – Utne – i sambandet frå nyttår.

– Ei slik løysing ville endre kvardagen for dei reisande i rute 01, meiner Tøsse.

Han meiner det er viktig at planarbeidet for utbetring av kaiene på dette sambandet startar opp. Han fryktar det «når som helst» kan bli nødvendig å gjere store akutt-tiltak om ein ikkje er i forkant.

Også Bjarne Kvalsvik (Uavh.) har pressa på i saka, som no er sett på sakskartet til samferdselsutvalsmøtet komande veke.