Det vart overført 14 ungdomar til ungdomsoppfølging i 2018, mot 7 ungdomar året før. I tillegg vart 1 ungdom idømt ungdomsstraff i 2018. Vald, narkotika og skadeverk utgjer hovuddelen av lovbrota. Dette opplyser konfliktrådet i ei pressemelding.

- Det er ein trend over heile landet at påtale og domstolar ser verdien av straffereaksjonane ungdomsstraff og ungdomsoppfølging for unge lovbrytarar. Straffereaksjonane gjeld ungdom frå 15 år til 18 år som har gjort alvorlege lovbrot, har eit oppfølgingsbehov og er motivert for endring. Straffa består av eit ungdomsstormøte med involverte, ein ungdomsplan med krav til ungdomen og eit oppfølgingsteam som følger ungdommen tett i gjennomføringsperioda. Konfliktrådet samarbeider blant anna med politi, barnevernteneste, skule og helsesektor for å skreddarsy oppfølging som den enkelte ungdom har behov for, heiter det i meldinga.

Sakstala for 2018 viser at talet på tilviste saker til mekling er relativt stabilt; 200 saker vart tilvist til mekling i 2018 mot 207 saker året før. Som tidlegare år er det flest valdssaker som vert tilvist til Konfliktrådet på Sunnmøre. I 2018 vart til tilvist 67 valdssaker, og sakskategorien utgjer 34 % av det totale sakstalet. I tillegg er truslar, skadeverk og naskerisaker sakstypar som er mest representert på statistikken i 2018.