Ferjefri E-39 prosjektet har pågått med planlegging og utviklingsfase i mange år. Store fjordkryssingsprosjekt til milliardvis av kroner er under bygging og planlegging.

Rogfast er no under bygging, eit prosjekt som har utgangspunkt i relativt gammal teknologi med undersjøiske tunellar, og som raskt kan bli det siste store undersjøiske prosjektet av dette slaget her i landet.

Ny og framtidsretta teknologi vert pressa fram, og kravet til miljørekneskapet på slike prosjekt vert berre strengare og strengare.

Transportnæringa har samla vore klokkeklar på sine tilbakemeldingar, og krev bruer og ikkje undersjøiske tuneller i framtidige fjordkryssingsprosjekt på stamvegnettet.

Dagens regjering har i si plattform, slått fast at  «samferdselsutbygginga her i landet skal byggjast, smartare, billigare, tryggare og med ny miljøteknologi».

Alt tyder på at framtidig bygging av store fjordkryssingsprosjekt også her i fylket, må skje med ny og framtidsretta teknologi, som stettar krava til gjennomføring av slike prosjekt jamf regjeringserklæringa.

Her i fylket har vi tre fjordkryssingsprosjekt på E-39, Hafast, Møreaksen og Halsafjordkryssinga.

Hafast og Halsafjordkryssinga er i planleggingsfasen med ny og miljøretta teknologi, der bruer av ulik art er tenkt brukt. Møreaksen tviholder på gigantundersjøisk tunell på 16 km, 400m under havet. Undersjøiske tuneller av dette slaget møter sterk motbør, og kravet om å utgreie flytebruer på Møreaksen og utgreie Romsdalsaksen er sterkt.

Det er og svært mykje som tydar på at ny og miljøretta bru og flytebruteknologi, både er vesentleg billigare å bygge, vedlikehalde og ikkje minst vil dette vere vesentlig billegare for transportnæringa.

HAFAST er bruprosjektet som har eit svært stor innovativt grunnlag, gjennom utvikling av ny bru og miljøteknologiske løysingar for kryssing av lange fjordkryssingar.

Her er det snakk om kombinasjon av kjend teknologi, med ny og innovative løysingar, der dette ser ut til å kunne bli eit fantastisk flott prosjekt, ikkje berre for dei reisande men også for forskning og campusmiljøa her i fylket. Utvikling av ny og framtidsretta teknologi her lokalt, vil også i framtida kunne gje vekst og utvikling på mange områder.

Dette er blant anna Statens vegvesen igang med å gjere, med sitt flytebrukonseptet over E-39 Bjørnafjorden. Her planlegger dei ei over 5 km lang flytebru, endeforankra, firefelts med skipspasasje, som er vurdert til vesentlig lågare prisar enn undersjøiske tuneller osv.

At vi her i Møre og Romsdal ikkje maktar å gjennomføre den same teknologiutviklingen ang flytebruer på til dømes kryssing av Romsdalsfjorden, er slett ikkje bra.

Kravet frå regjeringa har vore klokkeklart ang dei store fjordkryssingsprosjekta, at kostnadane må ned for å kunne klare å finansiere prosjekta. Alternativt må innovasjonskrafta vere så stor, at kostnytta her vert positiv totalt sett.

For kvar milliard kr ein sparar på til dømes flytebru på kryssing av Romsdalsfjorden, vil det vere ekstra milliardar av kr til HAFAST og andre prosjekt her i fylket.

Morten Stordalen, som er nestleiar i Transportkomiteen på Stortinget, har klart bekrefta at slike sparte milliardar, ikkje går ut av fylket men kan brukast vidare lokalt til andre prosjektet.

HAFAST er eit prosjekt som no må sette full gass på utviklinga av fjordkryssinga, og her snakkar vi om ei bru som både er miljømessig svært nyttig, ferjekostnadar på tre store nye ferjer vert spart, samt framtidige vedlikeholdskostnadar på ferjekaier.

Trafikkgrunnlaget her er berre gedigent, her snakkar vi om eit fastlandssamband som raskt kan få trafikk på både 5-10-15 tusen bilar i døgnet, ved å bygge Ålesundsregionen ihop med heile den Søre Sunnmørske fantastiske næringsklynge.

Eg trur at Regjeringa og framtidige Storting, vil kreve strenge miljøkrav til dei store utbyggingane på vidare ferjefri E-39, dersom ein skal nytte hundredevis av milliardar kr.

Det sambandet som ikkje maktar å synleggjere miljøretta teknologi som ikkje aukar utsleppa og negative miljøfaktorer, utover ferjedrift med null og lågutslepsfartøy, vil truleg ikkje verte realisert.

Vegdirektoratet har beslutta å gå ei ny runde med nye utgreiingar ang fleire fjordkryssingsprosjekt på ferjefri E-39. Her vert fortsatt ferjedrift med null og lågutslepsteknologi samt auka frekvens, målt opp mot planlagte prosjekt.

HAFAST står seg etter mitt begrep godt i desse vurderingane vil eg tru, her er det snakk om bruk av bruteknologi som både er, «smart, billigare, tryggare og bruk av framtidsretta miljøteknologi».