Sande kommunestyre vedtok på møtet tysdag 6. februar at det no vert søkt om spelemidlar til tiltaket.

Helselaget adopterte i fjor prosjektet frå Larsnes IL, som først la det fram. Konkret gjeld det eit mindre sanitærhus som skal setjast opp mellom Sparebank-bygget og Larsnes Brygge. Det er kommunen som eig grunnen.

– Sande kommune har ikkje planar om å disponere arealet sjølv, skriv rådmannen. Kommunen meiner planane er i tråd med tettstadprosjektet. Det skal etablerast ein tinglyst leigeavtale mellom partane. Finansieringa legg ikkje opp til kommunal deltaking.