Nyleg søkte som kjent B. Tarberg AS om eit prosjekt med masseuttak og deponi på Gjøneset. Her må det truleg lagast reguleringsplan, etter at fylkesmynda har kome med ynskje om det.
No skal det opp ei sak i formannskapet som kan vere av meir formell karakter. Det er Aurvoll & Furesund AS som søkjer formell dispensasjon frå kommuneplanen for etablering av masseuttak, og deponering av massar for etablering av re-etablering av landbruksareal.
Stein og landbruk
Søknaden omhandlar gnr. 20 bnr. 1 på Aurvollen i indre Gursken. I søknaden vert det opplyst at det er inngått avtale med grunneigaren.
Over tid har det også vore steinuttak på staden. Det har vore basert på munnleg avtale og godkjenning frå kommune.
– Uttak av stein vil verte utført parallelt med gardsvegen og ein fjellrygg vil verte ståande att som skjerm mot innsyn og støy. Delar av uttaksområdet vil verte nytta til lagerområde av grunneigaren, medan resten av arealet vert oppfylt med overskotsmassar for opparbeiding av nytt landbruksareal, heiter det i saksopplysingane.
– Etter enda uttak vil ein nytte delar av området til lagerområdet som er tilpassa drift av garden. Resterande areal ønskjer ein å fylle opp med overskotsmassar for å opparbeide landbruksareal. (slåttemark eller beiteområde). Området er og vil fortløpande bli sikra med gjerde på toppen av fjellskjeringane, skriv dagleg leiar Eivind Berge i Aurvoll & Furesund i søknaden.
Dispensere i avgrensa område
Til saka opplyser søkjaren at det er stort bevov for godkjende plassar for uttak av stein og plassering av reint overskotsmassar, eit synspunkt teknisk eining stiller seg bak.
Sidan det over fleire år er føreteke uttak av stein i området vil ein ved teknisk eining rå til at det vert gitt dispensasjon for eit avgrensa område, om lag halvparten, av det som går fram av det området som er planlagt for massetak i søknaden slik at det kan gjennomførast ei forsvarleg avslutning av uttaks- og deponiområdet.
Teknisk eining meiner at lokalisering av nye område for massetak og deponi må vurderast i samband med komande rullering av kommuneplanen.