– Vi ser at vi som mediehus har ein veg å gå når det gjeld kor mange av våre komplettabonnementar som nyttar seg av vår digitale nettavis på vestlandsnytt.no.

Det seier avisjournalist Bjørnar Torvholm Sævik om at Vestlandsnytt fredag 2. juni inviterer til kundedag i Fosnavåg.

– Det er viktig å presisere at kundar som betaler for papiravisa også har tilgang til nettavisa inkludert i abonnementet. Dette blir ei gyllen moglegheit til å få hjelp til å få alt i orden så brukarar kjem seg opp og gå på nettavis, seier Sævik.

Får hjelp til alt

– Vi veit at det er mange av abonnentane som er usikre på korleis dei skal gå fram for å ta i bruk vårt digitale tilbod, anten det gjeld eAvis – som er papiravisa i digitalformat- eller våre plussaker som oftast blir publiserte før sakene kjem i papiravisa. Eg vil oppmode dei som har høve, til å ta turen, seier Vestlandsnytt-redaktør Endre Vorren.

Opplegget vil føregå slik at ein som abonnent skal kunne ta med seg PC, lesebrett/iPad eller mobil til Vestlandsnytt sitt kontorbygg i Fosnavåg fredag 2. juni.

– Her vil du møte meg og ein kundebehandlar som hjelper deg frå A til Å. Vi hjelper deg med å opprette brukar, logge deg inn og gi opplæring i korleis det fungerer. Her er ingen spørsmål dumme og alle som føler behov kan delta, forklarer Sævik.

Dette kan du gjere for å førebu deg

Når du kjem til oss er det slik at ein treng ein operativ e-post-konto for å kunne lage brukar til nettavisa vår. Derfor må du ha tilgang til denne e-postkontoen så vi får tilgang til bekreftelseskoder du får tilsendt ved oppretting av brukar.

– Har du ikkje, e-post? Det er ingen problem, vi kan også hjelpe deg med å lage ein e-post-konto om ein ikkje har det, seier Sævik.